9.1 Næringsstruktur
Agder har sterke klyngar og nettverk bl.a. innan leverandørindustri, prosessindustri, reiseliv og IKT, og framveksande nettverk bl.a. innan marine næringar, trebaserte næringar og digital handel. Innanfor fleire av disse næringane skjer det ein betydeleg digitalisering, automatisering og robotisering. Dette vil få stor tyding for ressursbruk og for korleis tenester blir utført og mottatt.
9.2 Verksemder og føretak
Agder har gjennom mange år utmerka seg som ein gründerregion med mange nyetableringar. I 2021 blei det etablert ca. 4 000 nye føretak i Agder, noko som utgjer 5,3% av alle nyetableringar i landet.
Talet på nyetableringar i Bygland har variert i perioden 2001-2021, men med ein stigande tendens. Av etableringane i 2021 er det berre 2 som har 1-4 tilsette, resten har ikkje tilsette.
Det har vore ei lita auke i delen av føretak som har overlevd i fem år frå etableringsåret når vi ser på perioden 2015-2019. I 2015 var delen 29,6% og denne har auka til 31% i 2019 i Agder.
NHO sitt kommune-NM rangerer Bygland på 24. plass av 25 kommunar i Agder. Kommune-NM måler kommunane sin økonomiske berekraft og potensiale for vekst, slik sett kan ein seie at kåringa også måler attraktivitet for næringslivet. Kommune-NM måler ikkje politikk eller næringsvennlegheit direkte. Kommunar som blir rangert høgt i Kommune-NM har gjerne høg yrkesdeltaking, høg del av private som jobbar, ein ung og kompetent arbeidsstyrke, høg næringsvariasjon og god kommuneøkonomi. At ein kommune kjem dårlegare ut i rangeringa, betyr ikkje nødvendigvis at utviklinga innanfor kommunen har vore negativ, men kan kome av at andre har hatt meir positiv utvikling over tid.
Tabellen under syner at Bygland ligg jamt over lågt på alle indikatorane.
Næringsliv – kommunen har lite kjøp av private tenester i prosent av brutto driftsutgifter og liten del privat sysselsetting.
Arbeidsmarknad – vi har låg del av befolkninga i alderen 20-66 år som er sysselsett og høg del som er uføre.
Demografi – vi har negativ befolkningsvekst og mindre del av unge i forhold til eldre i arbeidsstyrken.
Kompetanse – vi har få med minst fire års høgare utdanning og få med fagbrev.
Kommuneøkonomi – kommunen har høge administrasjonsutgifter, og 20 år fram i tid vil ein prosentvis høg del av befolkninga vere over 80 år i høve til dei i yrkesaktiv alder.
9.3 Tilsette i Bygland
Agdertall presenterer talet på tilsette (i bedrifter med meir enn 1 tilsett) i kartløysing. Resultatet for Bygland i 2023 er presentert i kartutsnitta under.
9.4 Pendling
Agder er systematisert i ni bu- og arbeidsmarknadsregionar etter funksjonell integrasjon på bakgrunn av pendlingsnivå og reisetid. Bygland er ein del av BA-region Evje og Hornnes saman med Åseral. Bygland er ei kommune der ein stor del både bur og arbeider. Bygland har størst både inn- og utpendling til Evje og Hornnes. I 2022 var det 166 som pendla inn til Bygland og 253 personar som pendla ut av Bygland.
9.5 Oppsummering
Eit særtrekk ved Agder er at industrinæringar som prosess- og mekanisk industri og leverandørindustri for olje- og gassverksemd står særleg sterkt, og Agder har sterke klyngar og nettverk innan desse sektorane. Ei hovudutfordring for Agder er at ein for låg del av befolkninga er sysselsett. Dette gjeld både kjønn, aldre, utdanningsnivå og landbakgrunn.
Bygland har hatt ei forvitring over tid innan næringslivet. Bedriftene gir folk jobb. Dei gir oss nye løysingar og gir fellesskapet skatteinntekter som finansierer velferdssamfunnet vårt. Dei store som små – butikken, hotellet, bonden og snekkaren – er alle saman viktige i kvardagen, og for å utvikle lokalsamfunnet. Det er i bedriftene de nye, grøne løysingane og jobbane blir skapt.