Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024
6 Utdanning og kompetanse
6.1 Grunnskulen - elevtal
Tendensen er at det går mot færre og større skular i Noreg. Dei siste 10 åra har det vore ein nedgang på 240 skular. Talet på elevar pr. skule i 2021-2022 var i gjennomsnitt 230 som er 25 fleire enn for 10 år sidan.
Figuren under syner at elevtalet i Bygland går ned. Sidan 2000 har talet på elevar blitt redusert med 67 elevar.
Figur 23 Talet på elevar i grunnskulen i Bygland 2000-2023 Kjelde: Agdertall.no/Utdanningsdirektoratet
Bygland oppvekstsenter har hatt den største nedgangen i talet på elevar av dei to oppvekstsentera i kommunen.
6.2 Grunnskulepoeng
Samanlikning av grunnskulepoeng syner at grunnskulen i Bygland kommune gjer det godt både samanlikna med Agder og på landsbasis, og har ein stigande trend over dei 10 siste åra.
Figur 24 Grunnskulepoeng i Agder Kjelde: Agdertall.no/Utdanningsdirektoratet
Figur 25 Grunnskulepoeng i Bygland 2013-2023 Kjelde: Utdanningsdirektoratet
6.3 Nasjonale prøver
Formålet med nasjonale prøver er å gi skulen kunnskap om ferdigheitene til elevane i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet. Resultata på nasjonale prøver blir målt i skalapoeng. Nasjonalt resultat på kvar prøve på 5. og 8. trinn blir sett til 50, og den enkelte skule blir målt i forhold til avvik frå nasjonalt resultat. Merk at for 9. trinn blir endring målt frå 8. trinn.
Bygland ligg under dei nasjonale resultata og under gjennomsnittet i Agder for 5. trinn. For 8. trinn ligg Bygland over gjennomsnittet både nasjonalt og i Agder. For 9. trinn er Bygland litt under for lesing og på gjennomsnittet for rekning.
Figur 26 Resultat nasjonale prøver 2022-23 Kjelde: Agdertall.no/Utdanningsdirektoratet
6.4 Skulebidragsindikator
Skulebidragsindikatorane skal gi ein indikasjon på kva skulen sin innsats har å seie for læringa til elevane. Indikatorane skal brukast i det lokale arbeidet med skulane, og må sjåast i samanheng med annan informasjon om skulen.
Ein skolebidragsindikator kan tolkast som:
Forskjellen mellom det elevane faktisk oppnår (for eksempel snittkarakter på skriftleg eksamen 10. trinn) og det vi forventar at elevar skal oppnå når vi tar omsyn til elevane sine føresetnadar.
For å ta omsyn til elevgrunnlaget ser vi på elevane sine tidlegare resultat - f.eks. på nasjonale prøver 8. trinn for elevar som avslutta ungdomsskolen - og/eller familiebakgrunn (foreldrane si utdanning, hushaldningsinntekt og innvandringsbakgrunn).
Dersom ein skule har eit faktisk resultat som er i tråd med forventa resultat vil skolebidraget vere lik gjennomsnittet for alle skular i landet – som er null.
Indikatorar med positivt forteikn indikerer at skulen har eit skulebidrag som ligg over landsgjennomsnittet, medan ein negativ verdi indikerer at skulen har eit skulebidrag som ligg over landsgjennomsnittet. Det er knytt noko usikkerheit til tala, spesielt i forhold til små skular. Ein elev som presterer svært godt eller svært dårleg, vil påverke gjennomsnittet mykje meir på ein liten skule enn på ein stor skule. Desto fleire elevar eit gjennomsnittsresultat er basert på, desto sikrare er vi på gjennomsnittet.
Skulebidraget i Agder er under nasjonalt resultat. For Bygland er skulebidraget under landsgjennomsnittet for småskulen og over landsgjennomsnittet for mellomtrinnet.
Figur 27 Skulebidrag, 1-4. trinn 2021-22 Kjelde: Agdertall.no/Utdanningsdirektoratet
Figur 28 Skulebidrag, 5-7. trinn 2021-22 Kjelde: Agdertall.no/Utdanningsdirektoratet
6.5 Læringsmiljø
Utdanningsdirektoratet sin elevundersøking syner at grunnskulen kjem dårlegare ut innan læringsmiljø. Bygland ligg lågare innan både trivsel, motivasjon og læringskultur enn både Agder og Noreg.
6.6 Spesialundervisning
Spesialundervisning må sjåast i samanheng med prinsippet om tilpassa opplæring, som omfattar både den ordinære opplæringa og spesialundervisning. Skulen sin evne til å gi elevane opplæring som tar i vare deira faglege og sosiale utvikling innanfor ramma av ordinær opplæring, er med på å avgjere behovet for spesialundervisning.
Spesialundervisning skal ivareta moglegheitene elevane skal ha til å nå realistiske mål dersom det ikkje lar seg gjere innanfor ordinær opplæring. Derfor er det viktig at skulen bevisst bruker det handlingsrommet som ordinær opplæring gir, før eleven blir meldt til PP-tenesta for vurdering om behov for spesialundervisning. Eleven sine lærevanskar kan ha årsak i individuelle forhold, forhold i læringsmiljøet og/eller mangelfull tilrettelagt opplæring.
Bygland har fleire elevar som får spesialundervisning enn gjennomsnittet i Agder og i Noreg.
Figur 30 Elevar i grunnskulen som frå spesialundervisning (prosent) Kjelde: Agdertall.no/SSB
6.7 Vidaregåande opplæring
Nesten alle ungdommar startar i vidaregåande opplæring. Fullført og bestått vidaregåande opplæring er ein av de viktigaste føresetnadene for å delta i arbeids- og samfunnslivet og for å unngå utanforskap både i dagens og i framtidas samfunn. Utdanning og kvalifisering er også en viktig faktor for integrering. Gjennomføringsgraden for Bygland sine ungdommar er 93%, som er høgare enn nasjonalt snitt som er 81%.
Arbeidslivet har behov for fagarbeidarar. Utdanningsdirektoratet sin statistikk syner at Agder har eit høgare del elevar på yrkesfag enn på studieførebuande enn på landsbasis. Jenter og gutar tar ulike utdanningsval. Kjønnsforskjeller i utdanningssystemet gjenspeiler i stor grad kjønnssegregeringa i arbeidsmarknaden. Fleire jenter enn gutar vel studieførebuande program på vidaregåande, medan flest gutar vel yrkesfag. Det har vore ein betydeleg vekst i talet på jenter i Agder som startar på bygg- og anleggsteknikk på VG1.
6.8 Utdanningsnivå
Det er klare samanhengar mellom utdanningsnivå, materielle levekår og helse. Arbeidslivet i Agder har er stort kompetansebehov. Sosial bakgrunn og foreldra sitt utdanningsnivå har stor betyding for kven som vel å studere og korleis det går med studia.
Figuren under syner at mange fullfører vidaregåande skule, men utdanningsnivået i kommunen er lågare enn både Agder og Noreg. Nivået følgjer i stor grad dei andre mindre kommunane i Agder. Det er dei større byane langs kysten som har høgast utdanningsnivå saman med Bykle.
Figur 31 Utdanningsnivå 2022 Kjelde: Agdertall.no/SSB
6.9 Kompetansebehov
Kompetansepilot Agder er eit treårig pilotprosjekt leda av Agder fylkeskommune, i tett samarbeid med kommunar og interkommunale politiske råd i Lister, Setesdal og Østre Agder. Målet er å mobilisere distriktsnæringslivet til kompetanseutvikling. En viktig del av oppdraget i modellen er ei kontinuerleg kartlegging av kompetanseutviklingsbehovet hos næringslivet i distriktskommunane i Agder. Figuren under syner status for kompetanseutviklingsbehov basert på innspel frå næringslivet.
Figur 32 Talet på tilsette som har eit kompetansebehov, fordelt på bransjetilhøyrsle Kjelde: Agdertall.no/Kompetansepilot Agder
Neste figur syner talet på nye lærlingkontraktar med ungdomsrett på utdanningsprogram og lærefag i Setesdal. Det syner mellom anna at talet på lærlingkontraktar innan bygg og anleggsnæringa er positivt med omsyn til kompetansebehovet.
Figur 33 Talet på nye kontraktar fordelt på utdanningsprogram i Setesdal 2022 Kjelde: Agdertall.no/Utdanningsdirektoratet
6.10 Oppsummering
Utdanning er ein føresetnad for utvikling, og gjer kvar enkelt av oss i stand til å bidra til eit berekraftig samfunn. God utdanning handlar om å sikre best mogleg føresetnadar, for flest mogleg, med tanke på overgang frå opplæring og utdanning til arbeidsmarknaden. Utdanning er ein viktig del av oppvekstmiljøet, og det er ein av beskyttelsesfaktorane for god folkehelse.
Bygland har hatt gode resultat på nasjonale prøver og grunnskulepoeng over fleire år. Det vil vere større svingingar i resultata grunna små klassetrinn i kommunen.
Det er fleire elevar med behov for spesialundervisning enn gjennomsnittet i Agder. Spesialundervisning skal ivareta elevane sin moglegheiter til å nå realistiske mål dersom det ikkje lar seg gjere innanfor ordinær opplæring. Derfor er det viktig at skulen bevisst brukar det handlingsrommet som ordinær opplæring gir, før eleven blir meldt til PP-tenesta for vurdering om behov for spesialundervisning. Eleven sine lærevanskar kan ha årsak i individuelle forhold, forhold i læringsmiljøet og/eller mangelfull tilrettelagt opplæring.
Endringar i samfunnet og arbeidslivet skjer raskt. Framtidige satsingar må bygge på samfunnstrender og kunnskap om dagens og morgondagens arbeidsliv. Aldersbereevna for Bygland syner at vi har eit ekstra stort behov for helsearbeidarar i åra framover.