Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024

  1. 1 Befolkning
    1. 1.1 Befolkningsutvikling
    2. 1.2 Innvandring
    3. 1.3 Flytting
    4. 1.4 Prognosar
      1. 1.4.1 Befolkningsframskriving
      2. 1.4.2 Fødselsbalanse og nettoflytting
    5. 1.5 Oppsummering
  2. 2 Bustad og hushaldningar
    1. 2.1 Bustadstatistikk
    2. 2.2 Hushaldningar
    3. 2.3 Bustader i bruk
    4. 2.4 Oppsummering
  3. 3 Areal og natur
    1. 3.1 Arealrekneskap
    2. 3.2 Plante- og dyreliv
    3. 3.3 Vatn
    4. 3.4 Forureining
    5. 3.5 Oppsummering
  4. 4 Klima
    1. 4.1 Utslepp klimagassar
    2. 4.2 Klimagassreduksjonar
    3. 4.3 Klimatilpassing
    4. 4.4 Oppsummering
  5. 5 Mobilitet
    1. 5.1 Trafikktryggleik
    2. 5.2 Kollektivtransport
    3. 5.3 Digital infrastruktur
    4. 5.4 Infrastruktur el-bilar
    5. 5.5 Oppsummering
  6. 6 Utdanning og kompetanse
    1. 6.1 Grunnskulen - elevtal
    2. 6.2 Grunnskulepoeng
    3. 6.3 Nasjonale prøver
    4. 6.4 Skulebidragsindikator
    5. 6.5 Læringsmiljø
    6. 6.6 Spesialundervisning
    7. 6.7 Vidaregåande opplæring
    8. 6.8 Utdanningsnivå
    9. 6.9 Kompetansebehov
    10. 6.10 Oppsummering
  7. 7 Oppvekst og levekårsforhold
    1. 7.1 Risikogrupper for låginntekt
    2. 7.2 Barnehage
    3. 7.3 Skulebeskyttelse
    4. 7.4 Nærmiljø
    5. 7.5 Sosial deltaking
    6. 7.6 Barnevern
    7. 7.7 Oppsummering
  8. 8 Arbeidsliv
    1. 8.1 Sysselsetting
    2. 8.2 Inntekt
    3. 8.3 Likestilling og inkludering
    4. 8.4 Arbeidsledigheit
    5. 8.5 Sjukefråver
    6. 8.6 Stønader frå NAV
    7. 8.7 Utanforskap frå arbeidslivet
    8. 8.8 Oppsummering
  9. 9 Næringsliv
    1. 9.1 Næringsstruktur
    2. 9.2 Verksemder og føretak
    3. 9.3 Tilsette i Bygland
    4. 9.4 Pendling
    5. 9.5 Oppsummering
  10. 10 Kultur og fritid
    1. 10.1 Kulturtilbod og kulturaktivitet
    2. 10.2 Frivilligheit
    3. 10.3 Fritidstilbod
    4. 10.4 Kulturskule
    5. 10.5 Idrettsaktivitet og anlegg
    6. 10.6 Kulturminnevern
    7. 10.7 Oppsummering
  11. 11 Helse
    1. 11.1 Livskvalitet og psykisk helse
      1. 11.1.1 Sosial støtte
      2. 11.1.2 Einsemd
      3. 11.1.3 Psykiske plager og lidingar
      4. 11.1.4 Demens
      5. 11.1.5 Vener
      6. 11.1.6 Foreldrerelasjon
    2. 11.2 Helserelatert åtferd
      1. 11.2.1 Fysisk aktivitet
      2. 11.2.2 Skjermtid
      3. 11.2.3 Kosthald
      4. 11.2.4 Rusmiddel
      5. 11.2.5 Tobakk
    3. 11.3 Vald, sjølvskading og overgrep
      1. 11.3.1 Sjølvskading
      2. 11.3.2 Sjølvmord
    4. 11.4 Helsetilstand
      1. 11.4.1 Levealder
      2. 11.4.2 Eigenvurdert helse
      3. 11.4.3 Tannhelse
      4. 11.4.4 Diabetes
      5. 11.4.5 Overvekt
      6. 11.4.6 Kreft
      7. 11.4.7 Muskel- og skjelettplager
      8. 11.4.8 Ulykker
      9. 11.4.9 Drukning
      10. 11.4.10 Trafikk
      11. 11.4.11 Fall
    5. 11.5 Helsetenester
      1. 11.5.1 Barnevaksinasjonsprogrammet
      2. 11.5.2 Influensavaksinerte over 65 år
      3. 11.5.3 Bruk av helsetenester
      4. 11.5.4 Framtidig helsebehov
      5. 11.5.5 Oppsummering
  12. 12 Kjelder

11 Helse

God helse er den viktigaste ressursen vår. God helse og livskvalitet er ein grunnleggande føresetnad for menneske sin moglegheit til å nå sitt fulle potensial og til å bidra til utvikling i samfunnet. Den enkelte sin helsetilstand heng nøye saman med andre utviklingstrekk i samfunnet, og blir påverka av miljø, økonomi og sosiale forhold.

Den generelle helsa til nordmenn er god. De siste 30 åra har alle grupper i landet fått betre helse, men forbetringa har vore størst for personar med lang utdanning og høg inntekt. Dei med best helse har mest forbetring, dei med dårlegast helse har minst forbetring.

Det er stor sosial helseulikskap i Noreg, og det er aukande. Ikkje berre har dei nest fattigaste betre helse (i snitt) enn dei aller fattigaste, men de aller rikaste har også litt betre helse enn dei nest rikaste. Tilsvarande gjeld også for utdanningslengde.

11.1 Livskvalitet og psykisk helse

Livskvalitet blir ofte delt inn i to dimensjonar; den subjektive livskvaliteten handlar om korleis den enkelte opplever livet medan den objektive livskvaliteten handlar om sentrale sider ved livssituasjonen som friheit, tryggleik, helse, fellesskap og sjølvutvikling. Den subjektive livskvaliteten overlappar særleg med psykisk helse, den objektive med levekår.

24% av dei som har svara på Ungdata i Agder, oppgir at dei har høg livskvalitet. Det er ein høgare del blant gutane enn jentene. Indikatoren følger ein sosial gradient, det vil seie at det er fleire av ungdomane som kjem frå familiar med høg sosioøkonomisk status (SØS) som oppgir å ha høg livskvalitet. Sosioøkonomisk status er målt ut ifrå spørsmål om familien sine ressursar, blant anna foreldrena si utdanning, og materielle gode dei eig og har tilgang til.

11.1.1 Sosial støtte

Med sosial støtte meiner vi i kva grad ein opplever å ha nære relasjonar, nokon som bryr seg og nokon å spørje om hjelp. Manglande sosial støtte aukar faren for både fysiske og psykiske lidingar, og kan ha effekt på både sjukelegheit og dødelegheit. Deltaking på ulike arenaer, som for eksempel på skole og gjennom utdanning, i arbeidslivet eller i lokalmiljøet, er ein viktig føresetnad for å opprette og vedlikehalde eit sosialt nettverk.

Ungdata syner at det er fleire elevar frå familiar med låg sosioøkonomisk status (SØS)[1] som oppgir at dei sjeldan eller aldri har nokon å vere saman med i friminutta eller på fritida i Agder, dvs. det er ein sosial ulikskap. 


 

[1] SØS handlar om kva sosial status eller klasse eit individ eller ei gruppe høyrer til, og blir ofte målt ved ein kombinasjon av utdanningsnivå, inntekt og yrke

11.1.2 Einsemd

Einsemd kan forringe livskvaliteten, påverke mennesket si oppleving av meistring og medføre risiko for dårlegare helse. Einsemd er ei subjektiv kjensle, og er ikkje nødvendigvis det same som at ein ikkje har nokon å være saman med. Personar med lite sosialt nettverk eller som ofte er åleine, har gjerne større risiko for å føle seg einsame.

Ungdata viser at 15% av elevane i ungdomsskulen i Bygland har vore plaga med einsemd den siste veka. Det er ein låg del samanlikna med andre kommunar i Agder og med Noreg. For elevane i vidaregåande skule er delen 22% som også er lågare enn Agder og Noreg. 

Folkehelseundersøkinga 2019 syner at Bygland ligg høgt på opplevd einsemd i nesten alle aldersgrupper blant vaksne.

11.1.2 Einsemd
Område 18 - 29 år 30 - 39 år 40 - 49 år 50 - 59 år 60 - 69 år 70 år +
Bygland 26,3 % 23,3 % 14,3 % 16,7 % 9,3 % 16,7 %
Agder 20,5 % 15,8 % 14,6 % 11,8 % 9,2 % 8,1 %

11.1.3 Psykiske plager og lidingar

Psykiske plager beskriv plager som for eksempel frykt, tungsinn og uro. Psykiske plager er noko alle vil kjenne på regelmessig gjennom livet, ofte knytt til hendingar og erfaringar. Plagene kan gi ulik grad av symptombelastning, frå lette til sterkare plager, utan at det blir karakterisert som ei liding.

Omgrepet psykiske lidingar blir først brukt når symptombelastninga er stor, varer over tid og er av ein slik karakter at kriteria for ein klinisk diagnose er oppfylt. Psykiske lidingar omfattar ulike diagnosar, som angst, depresjon, ADHD, schizofreni og bipolar liding, med ulike symptom. Ved psykiske lidingar føreligg det som oftast eit uttalt tap av funksjon, for eksempel i forhold til jobb, skule og familie.

Det er fleire kvinner enn menn med dårleg psykisk helse i Bygland utanom i aldersgruppa 15-24 år. Bygland har færre med psykiske plager og lidingar enn både Agder og Noreg og nedgangen har vore markant dei siste åra. 

11.1.4 Demens

Demens er fellesnemning på fleire hjernesjukdommar som fører til kognitiv svikt og andre funksjonstap som påverkar evna til å klare seg sjølv i dagleglivet. Den mest vanlige årsaken til demens er Alzheimers sjukdom (60-70 prosent). Demens er ikkje ein del av normal aldring, sjølv om dei aller fleste demenstilfella er knytt til høg alder. Demens kan også førekome for yngre personar, men er meir sjeldan. Demens utviklar seg langsamt over tid og kan ikkje bli kurert. Fleire kvinner enn menn blir ramma av demens.

Dersom aldersspesifikk førekomst ikkje forandrar seg, vil auka i forventa levealder i Noreg føre til at talet på personar med demens blir meir enn dobla frå 2020 til 2050 i Noreg, og blir firedobla mot år 2100.

Alder og genar spelar ei vesentleg rolle for utvikling av demens, men ein antar at så mykje som 40 prosent av all demens kunne vore unngått med fokus på beskyttande faktorar.

 

Befolkninga i Bygland er eldre enn gjennomsnittet i Noreg, og har derfor også høgare del med demens. Prognosen er, basert på ei forventa auke i folketalet, på ca. 7% i 2050. Demensandelen er forventa å auke med 133% i 2050. 

Beskyttande faktorar er for ein stor del dei same som for hjarte- og karsjukdommar, kreft og dei andre ikkje- smittsame sjukdommane: fysisk aktivitet, ikkje-røyking, god kontroll på  blodtrykket, lite eller ingen alkohol og sunt kosthald. Sosial aktivitet beskyttar. Diabetes, låg utdanning, fedme, nedsett høyrsel, depresjon, høgt alkoholforbruk, hovudskadar og luftforureining er risikofaktorar.

11.1.5 Vener

Vener betyr mykje i ungdomstida, og ifølge Folkehelseinstituttet, så kan vennskap vere ei kjelde til sosial og kjenslemessig støtte, og gode vennskap kan beskytte mot mobbing og ekskludering.

Ungdataundersøkinga 2022 syner at 93% av elevane i ungdomsskulen og vidaregåande skule i Bygland har nokon å vere saman med på fritida. Det er som gjennomsnittet i Agder.

11.1.6 Foreldrerelasjon

Foreldra er viktige støttespelarar for barn og unge. Relasjonen til foreldra/føresette er ein svært viktig faktor når det gjeld sannsynet for risikofylt åtferd blant barn og unge og risikoen for framtidig utanforskap. Risikofylt åtferd kan eksempelvis handle om regelbrot og rus.

Delen av elevane som seier at foreldra pleier å vite kor dei er og kven dei er saman med på fritida er 90% ungdomsskolen og 86% for vidaregåande skule. Bygland har blant dei med lågast prosentdel i Agder. 

11.2 Helserelatert åtferd

Fysisk inaktivitet, usunt kosthald, skadeleg bruk av alkohol og bruk av tobakk har stor innverknad på utvikling av sjukdom. Vidare er det vist samanheng mellom ulike levevanar og utvikling av demens, psykiske plager og muskel- og skjelettplager. Auka innsats retta mot å betre levevanane i befolkninga vil derfor virke forebyggande mot dei store sjukdomsgruppene.

11.2.1 Fysisk aktivitet

Det er i dag godt dokumentert at fysisk aktivitet fremmer helse, og kan medverke til å forebygge og behandle over 30 ulike sjukdommar og tilstander. Variert fysisk aktivitet er avgjerande for fysisk og psykisk helse, og for å utvikle motorikk, muskelstyrke og kondisjon hos barn og unge, og er også positivt for trivsel og sosial kontakt. 

Nasjonale Ungdata-tall viser at sjølv om deltaking i idrettslag går ned, så er det fleire som trener på treningsstudio enn før. Undersøkinga vise at 50% av elevane i ungdomsskulen er fysisk aktive 3 gonger i veka eller meir, som er lågt i Agder. For elevane i vidaregåande skule er talet 57%, som er gjennomsnittleg i Agder.

Tal frå folkehelseundersøkinga 2019 viser at 38% av dei vaksne i Bygland trener 2-3 gonger i veka. 

 

Mykje stillesitting kan gi uheldige helseeffektar, og vere knytt til generelt dårlegare helse, dårlegare fysisk form og dårlegare kardiometabolsk helse (blodtrykk, blodsukker, blodfetter, insulin) blant barn og unge . Det er vidare vist samanheng mellom mykje tid i ro og auka overvekt, mindre søvn, auka isolering og negativ effekt på sosial åtferd blant barn og unge. Det er vist at mykje stillesitting kan ha ein samanheng med lågare livskvalitet og dårlegare velvære.

11.2.2 Skjermtid

Det er ein samanheng mellom mykje skjermtid på fritida og depresjon blant barn og unge . Det er vidare vist at barn og unge som bruker mykje tid på inaktiv skjermtid, f.eks. tv, har auka førekomst av psykisk uhelse. Mykje stillesitting og skjermbruk kan påverke kognitiv utvikling negativt, men samtidig kan enkelte dataspel ha ein positiv effekt på kognitiv utvikling og sosialt samspel.

Økt skjermtid kan vere ein risikofaktor for overvekt og overvekt, og det er vist ein samanheng mellom auka bruk av skjerm og lite søvn. Samanhengen mellom søvn og skjerm (tid brukt på sosiale media) finn vi også i dei lokale Ungdata-tala. Tala syner at ungdomsskuleelevane i Bygland har mest skjermtid i Agder.

11.2.3 Kosthald

Et usunt kosthald er blant dei viktigaste risikofaktorane for sjukdom og for tidleg død både i Noreg og i resten av verda. Kosthaldet er viktig både for å fremme god fysisk og psykisk helse og for å forebygge sjukdom. Eit sunt kosthald kan redusere risikoen for utvikling av sjukdommar som kreft, hjarte- og karsjukdommar og type 2-diabetes. Eit sunt og variert kosthald kan gi fleire gode leveår, og gi samfunnsgevinstar ved at vi lever lengre, og har betre helse. Det er også stor grad av samsvar mellom eit kosthald som fremmer helse og eit kosthald som er meir berekraftig. Kosthaldet kan ha tyding for psykisk helse - og omvendt, psykisk helse kan påverke kosthald og fysisk aktivitet.

Ungdataundersøkinga 2022 syner at 44% av ungdomsskuleelevane et frukost før første time kvar dag, 74% et matpakke eller lunsj på skulen kvar dag og 7% et grønsaker, frukt eller bær i løpet av skuledagen.

Folkehelseundersøkinga 2019 syner at blant vaksne er det 26% som et frukt og bær dagleg, og det er 33% som et grønsaker dagleg.

11.2.4 Rusmiddel

Alkohol er det desidert mest brukte rusmiddelet blant både ungdom og vaksne, og i løpet av ungdomstida etablerer vi  drikkevanar som vi tar med oss inn i vaksen alder. Alkoholbruken blant både ungdom og vaksne blir også av mange sett på som det største og viktigaste rusproblemet vi har. Sidan årtusenskiftet har det vore ein nedgåande trend i alkoholbruk blant ungdom i Noreg og mange andre land, men denne nedgangen flata ut etter 2010. Mange prøver alkohol for første gang i løpet av ungdomstida, ofte saman med venner i ei sosial setting.

Ungdata-tala syner at delen ungdom i Agder som har vore rusa på alkohol har halde seg stabil sidan førre undersøking i 2019, medan vi ser ein nedgang på VG3 i løpet av treårsperioden. Det er også ein liten nedgang i bruk av cannabis. Nedgangen skuldast nok avgrensingane som blei lagt på det sosiale livet under pandemien, sidan bruk av rusmidlar i ungdomsalderen ofte skjer i sosiale fellesskap. 

Delen av elevar i vidaregåande skule frå Bygland som drikk alkohol er høg samanlikna med både kommunane i Agder og på landsbasis. Delen av elevar i ungdomsskulen som drikk alkohol er likt som gjennomsnittet i Agder. 


 

 

11.2.5 Tobakk

Røyking er sett på som ein av dei viktigaste årsakene til redusert helse og levealder. Omtrent halvparten av gruppa som røyker dagleg i mange år, døyr av sjukdomar som skulast tobakken. I tillegg blir mange ramma av sjukdomar som fører til vesentlege helseplager og redusert livskvalitet. Studiar viser at gruppa som røyker dagleg, i snitt døyr 10 år tidlegare enn ikkje-røykarar, og at 25% av dagleg-røykarane døyr 20-25 år tidlegare enn gjennomsnittleg levealder for ikkje-røykarar. Delen røykarar i befolkninga er på veg ned, men blant ungdom og unge vaksne ser det ut til at snus har overtatt noko for røyking. Snus er ikkje like helseskadeleg som sigarettar, men er svært avhengnadsskapande og inneheld helseskadelege og kreftframkallande stoff.

3,2 % av kvinnene i Agder oppgav ved første svangerskapskontroll at dei røykte. Dette er høgare enn tal for heile landet (2,4 %). Tala for røyking blant gravide blir brukt til å gi informasjon om røyking generelt i befolkninga, sidan det ikkje finst gode data på resten av befolkninga sine røykevaner. Det er ein markant sosial gradient for dagleg-røyking. Jo kortare utdanning, desto høgare del dagleg-røykarar. Denne gradienten gjelder også for røyking i svangerskapet.

Det er ikkje tal for Bygland grunna få tilfelle og personvernomsyn.

 

11.3 Vald, sjølvskading og overgrep

Ein nasjonal omfangsstudie publisert i 2023 viser at valdsførekomsten i Noreg framleis er høg. Ein stor del av både kvinner og menn er utsett for vald, og det er skilnad mellom kjønna i kva slags vald dei blir utsett for og kven som er utøver valden. 

Vald aukar risikoen for fysiske og psykiske helseplager, sosiale problem, redusert arbeidsdeltaking og rusproblem. Valden har dessutan store samfunnsøkonomiske kostnader. Å vere utsett for vald og sosiodemografiske faktorar som utdanning, økonomi og sivilstatus heng tett saman.

I den nasjonale studien Omfang av vold og overgrep i den norske befolkningen (2023) rapporterer 14% kvinner og 5% menn at dei har opplevd valdtekt ved makt eller tvang minst ein gong i løpet av livet. 

Nesten 40 % av respondentane i den nasjonale studien rapporterte at dei hadde vore utsett for minst ein form for alvorleg fysisk vald etter at dei fylte 18 år. Dette gjeld for nesten halvparten av alle mennene i undersøkinga, som er meir utsett for denne typen vald enn det kvinner er. 

Fleire kvinner enn menn blei utsett for gjentatte tilfelle av alvorleg fysisk vald. Dette kan ha samanheng med kven høvesvis kvinner og menn oppgir som utøver. Alvorleg fysisk vald frå kjæraste, partnar eller tidlegare partnar er langt meir utbreidd blant kvinner enn blant menn. 

Menn blir i størst grad oppgitt som utøvar av den alvorlege fysiske valden (80%), uansett om den utsette er mann eller kvinne. Kvinner er meir utsett for alvorleg vald frå partnar enn det menn er. 10% kvinner har blitt utsett for alvorleg fysisk vald frå partnar, 3% av mennene fortel om det same frå sin partnar.

Mesteparten av valden ungdommen blir utsett for skjer i møte med andre ungdommar. I Ungdataundersøkinga 2022 vart ungdommane spurt om ein ungdom har slått, sparka, rista hardt, lugga dei eller liknande i løpet av dei siste 12 månadane. 

11.3.1 Sjølvskading

Helsedirektoratet definerer sjølvskading som skade ein person påfører seg sjølv med vilje, utan intensjon om å døy. Det er mange forskjellige årsaker til at nokon skadar seg sjølv. Bygd på forsking og kliniske erfaringar er det i dag vanleg å forstå sjølvskading som forsøk på å regulere og lindre intense og smertefulle kjensler.

11.3.2 Sjølvmord

Sjølvmord er resultat av ein sjølvpåført skade der intensjonen har vore å avslutte livet. To av tre som tar sitt eige liv, er menn. Svært mange blir rørt av sjølvmord kvart år. I perioden 2013-2022 er det i gjennomsnitt 12,3 sjølvmord pr. 100 000 innbyggjar i Agder, dette svarer til eit gjennomsnittleg årleg tal på 33,8. Dette er høgare enn landsgjennomsnittet som er 11,5 sjølvmord pr. 100 000 innbyggjarar. Tala på sjølvmord har vore nokså stabile i perioden 2207-2022.

Rapporten Skeives levekår i Agder viser at nærmare 70% av transpersonane har eller har hatt sjølvmordstankar, og 27% har forsøkt å ta sitt eige liv. Delen som har forsøkt å ta sitt eige liv er høgare for både lesbiske, homofile og bifile i Agder enn i befolkninga i de heile. Delen sjølvmordsforsøk er særleg høg blant ungdom og unge under 25 år.

11.4 Helsetilstand

Heile 87% av sjukdomsbyrda vår består av ikkje smittsame sjukdommar. Eksempel er demens, dei flest krefttypane, diabetes og hjarte-karsjukdommar. I stor grad er det dei same risikofaktorane som ligg bak, og dei viktigaste faktorane er ernæring, tobakk, inaktivitet og alkohol. Det betyr at førebygging av demens, kreft og hjarteinfarkt handlar om mange av dei same tiltaka.

11.4.1 Levealder

Forventa levealder er ein viktig peikepinn på korleis det står til med folkehelsa i ein kommune. Det er stor sosial ulikskap i dødelegheit i Noreg. Personar med høgare inntekt, utdanning og posisjon i arbeidslivet har gjennomgåande lågast dødelegheit. Agder har ein lågare forventa levealder enn landet elles. 

I Agder har Bygland har lågast forventa levealder for kvinner med 80,1 år. Forventa levealder for menn er 79,7 år, som er det same som i Agder. Forventa levealder har auka for begge kjønn dei siste 20 åra. I Noreg er forventa levealder 83,9 år for kvinner og 80,1 år for menn. Desse tala er frå 2021 og henta frå FHI sin statistikkbank.

11.4.2 Eigenvurdert helse

Ungdataundersøkinga 2022 syner at dei aller fleste ungdommane i Agder har god fysisk og psykisk helse. Det er fleire gutar enn jenter som er nøgde med helsa si, og kjønnsskilnadane har auka over tid. Nesten dobbelt så mange jenter som gutar svarer at dei mange gonger eller dagleg har hatt fysiske plagar den siste månaden.

Elevar i ungdomsskulen i Bygland ligg på same del som Agder, medan elevar i vidaregåande skule som bur i Bygland er mindre nøgd med helsa si, men har mindre fysiske plagar.

 

11.4.3 Tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta overvakar tannhelsa i den unge befolkninga gjennom systematiske registreringar av talet på nye hull, tannflater med fyllingar og tapte tenner. Tannhelsa blant barn og unge i Agder har hatt ei positiv utvikling, som resten av landet.

 

Det  manglar statistikk for Bygland i perioden 2018 - 2020.

11.4.4 Diabetes

Diabetes er forbundet med alvorlege komplikasjonar inkludert hjarte- og karsjukdommar, og bidrar vesentleg til sjukdomsbyrda i Noreg og resten av verda. I Bygland er det ein auke i bruk av legemiddel til behandling av diabetes type 2. Bruken følgjer i stor grad same trend som i Agder og i Noreg. Det er fleire menn enn kvinner som brukar legemiddel til behandling av diabetes type 2. 

 

11.4.5 Overvekt

Overvekt gir auka risiko for type 2-diabetes, hjarte- og karsjukdommar, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdommar som tjukktarmskreft. Overvekt kan også ha alvorlege psykiske helsekonsekvensar.

Størstedelen av den vaksne befolkninga har overvekt. Førekomsten av overvekt varierer med utdanning og familieforhold, og det er stor ulikskap mellom ulike innvandrargrupper. Blant barn ser det ut til at den samla delen med overvekt har stabilisert seg. Til saman har mellom 15 og 21% av barn og ungdom (8-15 år) overvekt. Delen overvektige barn er 50% høgare på landsbygda enn i byar. 

Erfaring viser at det for dei fleste er vanskeleg å oppnå varig vektreduksjon når ein først har blitt overvektig. Førebygging av overvekt er derfor av stor betyding.

45% av kvinner og menn oppgir å ha overvekt ved første sesjon. Dette er ein høg del samanlikna med resten av Agder.

 

Kroppsmasseindeks (KMI) viser balansen mellom høgde og vekt. Verdas helseorganisasjon har gjort følgjande vurdering av KMI og helse for vaksne:

Figur 71 Kjelde: FHI

Folkehelseundersøkinga 2019 syner at 40% av vaksne i Bygland er overvektige og 20% har fedme. 

11.4.6 Kreft

Sidan 2017 har kreft vore den vanlegaste dødsårsaka i Noreg. Det har vore ei auke i nye tilfelle av kreft. Agder har ein høgare førekomst av kreft enn landet elles. Lungekreft er den kreftforma nasjonalt som tar flest liv blant kvinner og menn samanlagt. 

Menn har høgare risiko for dei fleste kreftformene. Testikkelkreft og livmorhalskreft er blant dei få kreftformene som opptrer hyppigast i yngre aldersgrupper. Det har vore ei klar auke i talet på nye tilfelle av melanom (føflekkreft) de siste 10–20 åra. 

Kreftregisteret sin statistikkbank syner at Bygland ligg høgt i tal på krefttilfelle blant kvinner på landsbasis. Talet på krefttilfelle blant menn er lågare enn gjennomsnittet.

 

 

 

Fram til 2040 er det venta ei ytterlegare auke i talet på krefttilfelle, i hovudsak som følge av aukande befolkning og auka levealder. Sjølv om kreftrisikoen har auka, har dødelegheita av kreft samla sett vore relativt stabil de siste tiåra, og det er berre det siste tiåret ein ser ein liten nedgang i dødelegheitsratane.

Sosiale faktorar som landbakgrunn, utdanning og inntekt har tyding for kreftrisiko. Dette gjeld også andre ikkje-smittsame sjukdommar. Både for kvinner og menn er det påvist klare ulikskapar i kreftrisiko på tvers av ulike utdanningsgrupper. For menn er det også påvist ulikskapar på tvers av inntektskategoriar. Det er også påvist ulikskapar i overleving etter kreft på tvers av utdannings- og inntektsnivå. Dette skuldast at det er sosial ulikskap i helseåtferd og eksponering for risikofaktorar.

Kosthald, inaktivitet, overdriven sol-eksponering og røyke- og alkoholvanar er viktige faktorar som har tyding for kreftførekomsten. Det blir anslått at eitt av tre krefttilfelle heng saman med levevanar. Ei endring i befolkning sine levevanar har derfor eit stort potensiale til å redusere risikoen for å utvikle kreft.

11.4.7 Muskel- og skjelettplager

Muskel- og skjelettplager er blant dei viktigaste årsakene til redusert helse og nedsett livskvalitet, og er ein dominerande årsak til sjukefråver og nedsett arbeidsevne/uførheit.

Den vanlegaste typen sjukdommar og plager er knytt til ryggen. Ryggsmerter rammer eit breitt spekter av menneske i ulike aldersgrupper, og er den typen som kostar samfunnet mest. Leddsjukdommen artrose er den revmatiske sjukdommen som aukar mest. Den rammer både middelaldrande og eldre.

Risikofaktorar for smerter i rygg og nakke er samansette. Systematiske kunnskapsoppsummeringar har funne at overvekt og fedme er assosiert med korsryggsmerter. Stressande arbeidsliv aukar risikoen for utvikling av nakke- og skuldersmerter.

Tiltak som aukar fysisk aktivitet, med og utan spesifikk opplæring om å beskytte korsryggen, har vist seg å vere effektive for å førebygge korsryggsmerter. I tillegg er det studiar som tyder på at ungdom som er moderat fysisk aktive eller driv med uthaldenheitsidrett, har mindre nakke- og korsryggsmerter enn andre ungdommar.

Det er mykje som tyder på at barn som har muskel- og skjelettplager under oppveksten, har auka risiko for å ha slike plager også som vaksne. Førebyggingsarbeidet bør derfor starte i ung alder.

 

For Bygland sin del ser vi at førekomsten av muskel- og skjelettplager er lågare enn i Agder og landet elles. Kvinner har høgare førekomst enn menn når vi ser på heile aldersgruppa (0-74 år), medan det er motsett dersom vi berre ser på aldersgruppa 15-24 år.

11.4.8 Ulykker

Det har vore ein tydeleg nedgang i dødelegheit som følgje av ulykker dei siste ti åra, men skader og ulykker er framleis ei 

11.4.9 Drukning

I 2022 var det 8 drukningar i Agder. Nasjonale tal syner at 42% av dei som drukna i fjor er 60 år eller eldre, og ni av ti er menn. To av tre drukningstilfelle skjer i alkoholpåverka tilstand. Dårlege symjeferdigheiter er ein risikofaktor for å omkomme i drukningsulykker. Ei undersøking syner at barn av innvandrarar frå ikkje-europeiske land er betydeleg dårlegare til å symje enn etnisk norske barn, og er meir avhengige av å få symjeopplæring. 

11.4.10 Trafikk

Frå 2007 til 2022 ser vi ein nedgang på ca. 80% trafikkdrepne i Agder. Ulykkesrisikoen er høgare for syklistar enn for bilførarar, bilpassasjerar og fotgjengarar (TØI, 2020), men talet på sykkelskader i Noreg er usikkert. Svært mange sykkelulykker blir ikkje rapportert til politiet, spesielt gjeld det ulykker der berre ein sykkel er innblanda.

11.4.11 Fall

Fallskader utgjer nesten halvparten av alle ulykkesdødsfall, og er rangert som den sjuande viktigaste bidragsfaktoren til helsetap i Noreg. Spesielt eldre menneske blir ramma av fallulykker, ofte med brotskadar som utfall. Det årlege talet på hoftebrot er forventa å auke fordi delen eldre i befolkninga vil auke.

11.5 Helsetenester

11.5.1 Barnevaksinasjonsprogrammet

For mange potensielt farlege sjukdommar er vaksinasjon det mest effektive førebyggande tiltaket vi kjenner. Tal på vaksinasjonsdekning kan vere til hjelp i vurdering av smittevernet i befolkninga og vaksinasjonsprogrammet sin effektivitet. Ved eit effektivt vaksinasjonsprogram med høg vaksinasjonsdekning vil det sirkulere lite smitte i befolkninga, og det vil føre til at dei uvaksinerte indirekte blir beskytta. Dette blir kalla flokkimmunitet.

Det anbefalte vaksinasjonsprogrammet som blir tilbydd alle barn og ungdommar i Noreg omfattar vaksinar mot 12 forskjellige sjukdommar. Den første vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet gis ved seks vekers alder og den siste vaksinen på 10. klassetrinn. Vaksinasjonsdekninga har vore stabil i Agder og Noreg i perioden 211-2022.

Status i barnevaksinasjonsprogrammet i perioden 2018-2022 syner at 83,3% av 2-åringane og 84,8% av 16-åringane i Bygland er vaksinert mot meslingar. Det er under gjennomsnittet for både Agder og Noreg. 

11.5.2 Influensavaksinerte over 65 år

Influensa kan gi alvorleg sjukdom og i verste fall føre til dødsfall hos personar i risikogruppene. Personar over 65 år er den største risikogruppa. Å vaksinere mot influensa førebygger både sjølve influensasjukdommen og moglege følgjesjukdommar. Følgjesjukdommar er ofte bakterielle infeksjonar som krev antibiotikabehandling, først og fremst lungebetennelse. Færre influensatilfelle vil truleg redusere overforbruk av antibiotika.

Kommunen har ansvar for å tilby influensavaksine til eldre over 65 år og andre risikogrupper. WHO og Noreg har eit mål om at 75% i risikogruppene blir vaksinert. Pr. i dag er dekninga lågare enn dette. 64,7% av befolkninga i Bygland tok influensavaksine i 2021/2022. 

 

11.5.3 Bruk av helsetenester

Bruken av helsestasjon for ungdom og psykolog har vore stabil, og jenter brukar desse tenestene i mykje større grad enn gutar. Kjønnsforskjellen i bruk av helsetenester startar tidleg, og er betydelege. Ungdom trekker hyppig fram at tilbodet til ungdom som treng nokon å prate med kunne vore betre. Omtrent like stor del av elevane i ungdomsskulen (29%) og vidaregåande skule (31%) har nytta helsesjukepleier på skulen i 2022.

11.5.4 Framtidig helsebehov

SSB og Kommunal- og distriktsdepartementet har gjort framskrivingar på tenestemottakarar og arbeidskraftsbehov fram mot 2040. Framskrivingane tar utgangspunkt i tal frå KOSTRA for 2021 og hovudalternativet i Statistisk sentralbyrå sine regionale befolkningsframskrivingar frå juli 2022. 

I berekningane av talet på tenestemottakarar og arbeidskraftbehov framover, er det tatt utgangspunkt i same dekningsgrader og standard på tenestene som i 2021. 

Det er betydeleg usikkerheit knytt til både befolkning, dekningsgrader og standard på lang sikt, og framskrivingane må berre tas som indikasjonar.

'

 

11.5.5 Oppsummering

Helsevariablar kan gi eit inntrykk av korleis befolkninga si helse er, men årsakene til eit helseutfall er samansette. Konsekvensar av sjukdommar og plager kan vere nedsett arbeidsevne, sjukefråver og nedsett livskvalitet.  Sjukdom har konsekvensar både for individet og samfunnet. 

Ikkje-smittsame sjukdommar er dei viktigaste årsakene til sjukdomsbyrde og død i befolkninga i Noreg i dag. Dei same helseutfordringane vil i stor grad bestå også i 2050 og delen eldre i befolkninga er framskrive til å fortsette å auke. Ved høg alder vil kreft, demens, fallulykker, ernæringssjukdommar og infeksjonar bli viktigare årsaker til dødelegheit og sjukelegheit. 

FHI skriv i notat frå 2019 at risikofaktorar og årsaker til sjukdom og for tidleg død i dag er tobakk, alkohol, usunt kosthald, inaktivitet, muskel- og skjelettlidingar, psykiske lidingar, sjølvmord, narkotika, ulykker og luftforureining.

Ein av de store folkehelseutfordringane er sosial ulikskap i helse og dette gjeld også for Bygland. Det er systematiske ulikskapar i helse mellom ulike grupper knytt til utdanning og inntekt i befolkninga. Grupper med høgare inntekt og utdanning har betre helse enn grupper med lågare inntekt og utdanning. Det er viktig med kunnskap om dei sosiale ulikskapane og korleis helseutfall knytt til desse fordelar seg i grupper i befolkninga. Desse sosiale ulikskapane er det mogleg å gjere noko med. Befolkningsretta strategiar og tiltak kan bidra til å bryte negative sosiale mønstre knytt til ulikskapane.