Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024

  1. 1 Befolkning
    1. 1.1 Befolkningsutvikling
    2. 1.2 Innvandring
    3. 1.3 Flytting
    4. 1.4 Prognosar
      1. 1.4.1 Befolkningsframskriving
      2. 1.4.2 Fødselsbalanse og nettoflytting
    5. 1.5 Oppsummering
  2. 2 Bustad og hushaldningar
    1. 2.1 Bustadstatistikk
    2. 2.2 Hushaldningar
    3. 2.3 Bustader i bruk
    4. 2.4 Oppsummering
  3. 3 Areal og natur
    1. 3.1 Arealrekneskap
    2. 3.2 Plante- og dyreliv
    3. 3.3 Vatn
    4. 3.4 Forureining
    5. 3.5 Oppsummering
  4. 4 Klima
    1. 4.1 Utslepp klimagassar
    2. 4.2 Klimagassreduksjonar
    3. 4.3 Klimatilpassing
    4. 4.4 Oppsummering
  5. 5 Mobilitet
    1. 5.1 Trafikktryggleik
    2. 5.2 Kollektivtransport
    3. 5.3 Digital infrastruktur
    4. 5.4 Infrastruktur el-bilar
    5. 5.5 Oppsummering
  6. 6 Utdanning og kompetanse
    1. 6.1 Grunnskulen - elevtal
    2. 6.2 Grunnskulepoeng
    3. 6.3 Nasjonale prøver
    4. 6.4 Skulebidragsindikator
    5. 6.5 Læringsmiljø
    6. 6.6 Spesialundervisning
    7. 6.7 Vidaregåande opplæring
    8. 6.8 Utdanningsnivå
    9. 6.9 Kompetansebehov
    10. 6.10 Oppsummering
  7. 7 Oppvekst og levekårsforhold
    1. 7.1 Risikogrupper for låginntekt
    2. 7.2 Barnehage
    3. 7.3 Skulebeskyttelse
    4. 7.4 Nærmiljø
    5. 7.5 Sosial deltaking
    6. 7.6 Barnevern
    7. 7.7 Oppsummering
  8. 8 Arbeidsliv
    1. 8.1 Sysselsetting
    2. 8.2 Inntekt
    3. 8.3 Likestilling og inkludering
    4. 8.4 Arbeidsledigheit
    5. 8.5 Sjukefråver
    6. 8.6 Stønader frå NAV
    7. 8.7 Utanforskap frå arbeidslivet
    8. 8.8 Oppsummering
  9. 9 Næringsliv
    1. 9.1 Næringsstruktur
    2. 9.2 Verksemder og føretak
    3. 9.3 Tilsette i Bygland
    4. 9.4 Pendling
    5. 9.5 Oppsummering
  10. 10 Kultur og fritid
    1. 10.1 Kulturtilbod og kulturaktivitet
    2. 10.2 Frivilligheit
    3. 10.3 Fritidstilbod
    4. 10.4 Kulturskule
    5. 10.5 Idrettsaktivitet og anlegg
    6. 10.6 Kulturminnevern
    7. 10.7 Oppsummering
  11. 11 Helse
    1. 11.1 Livskvalitet og psykisk helse
      1. 11.1.1 Sosial støtte
      2. 11.1.2 Einsemd
      3. 11.1.3 Psykiske plager og lidingar
      4. 11.1.4 Demens
      5. 11.1.5 Vener
      6. 11.1.6 Foreldrerelasjon
    2. 11.2 Helserelatert åtferd
      1. 11.2.1 Fysisk aktivitet
      2. 11.2.2 Skjermtid
      3. 11.2.3 Kosthald
      4. 11.2.4 Rusmiddel
      5. 11.2.5 Tobakk
    3. 11.3 Vald, sjølvskading og overgrep
      1. 11.3.1 Sjølvskading
      2. 11.3.2 Sjølvmord
    4. 11.4 Helsetilstand
      1. 11.4.1 Levealder
      2. 11.4.2 Eigenvurdert helse
      3. 11.4.3 Tannhelse
      4. 11.4.4 Diabetes
      5. 11.4.5 Overvekt
      6. 11.4.6 Kreft
      7. 11.4.7 Muskel- og skjelettplager
      8. 11.4.8 Ulykker
      9. 11.4.9 Drukning
      10. 11.4.10 Trafikk
      11. 11.4.11 Fall
    5. 11.5 Helsetenester
      1. 11.5.1 Barnevaksinasjonsprogrammet
      2. 11.5.2 Influensavaksinerte over 65 år
      3. 11.5.3 Bruk av helsetenester
      4. 11.5.4 Framtidig helsebehov
      5. 11.5.5 Oppsummering
  12. 12 Kjelder

10 Kultur og fritid

10.1 Kulturtilbod og kulturaktivitet

Norsk kulturindeks er ei årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar. Telemarkforsking har rangert kommunane i Noreg med bakgrunn i ei rekke datakjelder. Kommunane blir rangert i ti kategoriar samt ei samla rangering som er summen av desse ti. I den samla rangeringa ligg Bygland på 182. plass i 2022. Bygland si rangering i dei ulike kategoriane er vist i tabellen under.

10.2 Frivilligheit

Fritidstilbod er ein viktig del av barn og unge sin oppvekst. Deltaking i ulike fritidsaktivitetar gir moglegheit til å gjere noko saman med andre, vere ein del av eit fellesskap, få nye venner, vere aktive og oppleve meistring. I undersøkinga Ungdata 2022 Frivillig innsats er en viktig kraft for betre levekår og gode nærmiljø – at det finst eit mangfald av arenaer som verkar inkluderande, trivselsbyggande, aktiviserande og tillitsskapande i lokalsamfunnet gir ein meirverdi for regionen, den enkelte kommune og den enkelte innbyggjar. 
Bygland frivilligsentral er ein motor i det frivillige arbeidet i kommunen. Det har vore opp i 80 frivillige knytt til sentralen, men pandemien har sett deltakinga noko tilbake. Det har også vore ein nedgang i aktivitetar etter pandemien. 

10.3 Fritidstilbod

Fritidstilbod er ein viktig del av barn og unge sin oppvekst. Deltaking i ulike fritidsaktivitetar gir moglegheit til å gjere noko saman med andre, vere ein del av eit fellesskap, få nye venner, vere aktive og oppleve meistring. I undersøkinga Ungdata 2022 blei ungdommane bedt om å svare på spørsmål om det hender at foreldra/føresette manglar pengar til å betale for fritidsaktivitetar dei ønskjer å delta i. Omfanget av ungdom som opplever at foreldra av og til eller ofte manglar pengar til å betale for fritidsaktivitetar er likt som landet som heilheit.
I Bygland er det 11% av elevane i ungdomsskulen og 14% av elevane i vidaregåande skule som manglar pengar til fritidsaktivitetar. 
Det er stor variasjon mellom kommunane i Agder når det gjeld ungdom si deltaking i organiserte aktivitetar. Dette gjeld både blant ungdom i vidaregåande skole og ungdomstrinnet. For å måle ungdom si deltaking i organiserte fritidsaktivitetar i Ungdata, så blei ungdommane bedt om å svare på spørsmål om kor mange gonger den siste månaden dei har vore med på aktivitetar, møter eller øvingar i organisasjonar, klubber eller lag.
I Bygland er det 69% av elevane i ungdomsskulen som er med i ein organisasjon, klubb, lag eller foreining, medan delen går ned til 39% for elevane i vidaregåande skule.


 

10.4 Kulturskule

Dei kommunale kulturskulane er viktige for kulturaktivitetane og kulturarbeidet i heile landet, og ein av hjørnesteinane i den kulturelle grunnmuren. Det utgjer og eit viktig fritidstilbod for barn og unge. Tabellen under syner talet på elevar i Bygland i den kommunale kulturskulen.

10.4 Elevar i kulturskulen

10.4 Elevar i kulturskulen
År 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Elevar 24 17 19 4 17 19
SSB manglar tal for kor mange elevar Bygland har hatt i kulturskulen i åra 2021 og 2022.

 

 

10.5 Idrettsaktivitet og anlegg

Norsk idrettsindeks 2021 frå Telemarksforsking er ei oversikt over idrettsaktivitet og idrettsanlegg i Noreg. Den består av følgjande indikatorar og har følgjande resultat for Bygland kommune:
Idrettsaktivitet (aktivitet relativt til folketal) – 19,4% (#274 av 356 kommunar)
Anleggsdekning (talet på idrettsanlegg pr. innbyggjarar) – 424,3 poeng (#46 av 356 kommunar)
Utgifter til idrett (netto driftsutgifter pr. innbyggjar) – 2452 kr (#22 av 356 kommunar)
Anleggsregisteret inneheld oversikt over alle anlegg i heile landet. Under er anlegga er registrert i Bygland kommune.
 

10.5 Idrettsaktivitet og anlegg

10.5 Idrettsaktivitet og anlegg
Namn Anleggsnr. Anleggsstatus Eigar Anleggskategori Anleggstype
Balløkke Ose 20684 Planlagt Bygland idrettslag Mindre utandørsanlegg Liten balløkke/-bane
Bygland skole ballbinge 63014 Eksisterande Bygland idrettslag Mindre utandørsanlegg Ballbinge
Bygland idrettshus 53356 Eksisterande Bygland idrettslag Idrettshus og servicebygg Klubbhus
Bygland Frisbeegolfbane 78814 Planlagt Bygland idrettslag Mindre utandørsanlegg Diskgolfanlegg
Tuftepark Presteneset 20684 Eksisterande Bygland idrettslag Mindre utandørsanlegg Trimpark
Bygland leirduebane 22126 Eksisterande Bygland jeger- og fiskarlag Skyteanlegg Leirduebane (ute)
Byglandsfjord turveg 77680 Planlagt Bygland kommune Friluftslivsanlegg Turveg
Trimpark 77818 Planlagt Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Trimpark
Ose grendehus 9943 Eksisterande Bygland kommune Kulturarena Fleirbrukslokale for kultur
Tangen-Presteneset volleyballbane - sand 10967 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Sandvolleyballbane
Sanitæranlegg Presteneset 20678 Eksisterande Bygland kommune Friluftslivsanlegg Sanitæranlegg
Bygland skule - uteområde 74360 Planlagt Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Fleirbruksområde (ute)
Bygland skule klatreanlegg 75005 Eksisterande Bygland kommune Klatreanlegg Klatre/buldrevegg (ute)
Bygland skule trampolinar - små 75008 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Fleirbruksområde (ute)
Nesmoen skytebane Idrettshus 42178 Eksisterande Bygland kommune Idrettshus og servicebygg Klubbhus
Bygland skole, flerbrukshall 45x25 m - Byglandshallen 20677 Eksisterande Bygland kommune Idrettshaller og aktivitetssalar Fleiridrettshall
Bygland Kulturscene - skole, Kulturaula 33007 Eksisterande Bygland kommune Kulturarena Fleirbrukslokale for kultur
Bygland skole svømmeanlegg 33008 Eksisterande Bygland kommune Svømme- og stupeanlegg Opplæringsbasseng (inne)
Bygland skole handballbane 33009 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Liten balløkke/-bane
Bygland skole Balløkke 33010 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Liten balløkke/-bane
Bygland skole volleyballbane 33011 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Liten balløkke/-bane
Bygland skole - klatreanlegg 33012 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Fleirbruksområde (ute)
Sanitæranlegg Dalebukta 20679 Planlagt Bygland kommune Friluftslivsanlegg Sanitærbygg
Sanitæranlegg Reiårsfossen 20680 Planlagt Bygland kommune Friluftslivsanlegg Sanitærbygg
Bygland idrettsbane - Fotball, grasbane 20442 Eksisterande Bygland kommune Fotballanlegg Fotballbane gras
Hampetjønn nærmiljøanlegg Balløkke 10963 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Liten balløkke/-bane
Hampetjønn tennisbane 10964 Eksisterande Bygland kommune Racketsportsanlegg Tennisbane (ute)
Hampetjønn Ballbinge 63015 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Ballbinge
Byglandsfjord skole - hinderløype og gap 1031 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Hinderløype
Byglandsfjord miniatyrskytebane 10965 Eksisterande Bygland kommune Skyteanlegg Skytebane (inne)
Byglandsfjord skole Skytebane 16312 Eksisterande Bygland kommune Skyteanlegg Skyutebane (inne)
Byglandsfjord skole - balløkke/isflate 16313 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Liten balløkke/-bane
Byglandsfjord skole Ulike småanlegg 16314 Eksisterande Bygland kommune Mindre utandørsanlegg Fleirbruksområde (ute)
Byglandsfjord skole Badeplass 16315 Eksisterande Bygland kommune Friluftslivsanlegg Badeplass
Byglandsfjord skole fleirbrukshall 18116 Eksisterande Bygland kommune Idrettshaller og sktivitetssalar Fleiridrettshall
Bygland Trialbane 971 Planlagt Bygland og omegn Trialklubb Motorsportanlegg Trial/enduroløype
KVS - Bygland Idrettshall 51854 Eksisterande KVA-Bygland AS Idrettshaller og aktivitetssalar Fleiridrettshall
Figur 56 Idrettsanlegg i Bygland. Kjelde: Anleggsregisteret.no

 

 

10.6 Kulturminnevern

I dag blir dei fleste nye registreringar av kulturminne gjort som følge av undersøkingsplikta ved offentlege og større private tiltak samt ved reguleringsplanar. Tilveksten av kjente kulturminne blir derfor i stor grad spegla av dagens utbyggingsaktivitet. Kommunane har eit hovudansvar for å forvalte verneverdige kulturminne.

Oversikt over freda bygningar i privat eige, SEFRAK og tilskot frå Norsk kulturminnefond.

Dei 4 siste kolonnene gjeld tilskot frå Norsk kulturminnefond 2020 - 22
10.6 Kulturminnevern
Talet på fredag bygningar i privat eige (alle typar) pr. 1.1.2023 Ståande SEFRAK-bygg Mengde søknadar Søknadsbeløp Mengde tilsegn Tilsegnsbeløp
5 725 24 2 304 250 10 607 000

 

10.7 Oppsummering

Kultur, idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, samt arenaer for tru og livssyn, er viktig for innbyggane sine levekår. Dei bidrar til å utvikle kreativitet og god folkehelse, og til deltaking og sosial integrering. Frivillig sektor er ein sentral del av Bygland sitt kulturliv. Bruken av kulturtilbod og deltaking i fritidsaktivitetar har dei seinare åra vore prega av koronapandemien og restriksjonane som blei innført – slik at tilbod, aktivitet og deltaking har vore redusert. Det er derfor vanskeleg å konkludere tydeleg når det gjeld utviklingstendensar dei seinare åra. Skuldast for eksempel nedgangen i ungdommen si deltaking i organiserte fritidsaktivitetar pandemi, eller er det uttrykk for ei meir langsiktig utvikling. Det blir det viktig å følge med framover på om deltaking i aktivitet, frivillig engasjement og bruk av kulturtilbod aukar igjen, eller om nedgangen fortsett.