Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024
7 Oppvekst og levekårsforhold
Levekår handlar om dei objektive/materielle ressursane og omgjevnadane ein innbyggjar har eller bør ha tilgang til (for eksempel utdanning, arbeid, inntekt, gode butilhøve og fritidsarenaer). Oppvekstvilkår er definert som dei omstenda ein veks opp under, dvs. dei fysiske, materielle, geografiske, psykiske og sosiale forhold.
7.1 Risikogrupper for låginntekt
Ein oppvekst i vedvarande låginntekt kan føre til samansette utfordringar og levekårsproblem på fleire område, og at levekårsproblema ofte kan forsterke kvarandre. Konsekvensane av oppvekst i låginntektsfamiliar er svært samansette, noko som fordrar ein heilskapleg tilnærming innanfor område som familieforhold og samspel, sosial deltaking og relasjonar til jamaldrande, kriminalitet, utvikling, helse, helseåtferd, utdanning og overgang til vaksenlivet, nærmiljø, buforhold og overføringar mellom generasjonar med tanke på moglegheiter og hindringar.
Bygland har ein høgare del barn som veks opp i vedvarande låginntekt enn både Agder og landet elles. Det har vore ein markant auke dei siste 10 åra.
Oppvekst i låginntekt blir ofte behandla som synonymt med barnefattigdom i Noreg. Figur 34 syner at det er markant fleire barn i Bygland som er i risiko for fattigdom enn i Agder.
Det er tre hovudforklaringar til at barn veks opp i vedvarande låginntekt. Den viktigaste årsaka er at det har vore ei auke i barn med innvandrarbakgrunn, der foreldra har låg utdanning og svak yrkestilknyting. Det er også ein stor del barn som vekst opp med ein einsleg forsørgjar eller med foreldre som har fysisk eller psykisk sjukdom, rusproblem eller funksjonsnedsetting. Ein stor del av foreldra i låginntekstfamiliane har lite utdanning og svak tilknyting til arbeidsmarknaden.
Den andre årsaka handlar om den generelle inntektsutviklinga i Noreg dei siste 20 åra. Trass i ei høg inntektsutvikling generelt, har barnefamiliar hatt ei svakare inntektsutvikling samanlikna med hushaldningar utan barn.
Den tredje forklaringa er at stønadar og offentlege overføringar ikkje har auka like mykje som lønsveksten, noko som gjer at inntektsgivande arbeid har blitt viktigare for barnefamiliar enn før.
7.2 Barnehage
Gode barnehagar verkar psykisk helsefremjande, styrker barnet si kognitive utvikling, deira evne til språkutvikling og deira lese- og matteferdigheiter. Dette motverkar utanforskap, som er ein av dei viktigaste risikofaktorane for utvikling av psykiske helseproblem blant barn og unge.
Effektane ser ut til å vere langvarige. Det visast gjennom at barn som har gått i barnehage i Noreg,i større grad tar høgare utdanning som vaksne. Dei er oftare sysselsett og dei bruker i mindre grad sosiale tenester.
Det er godt dokumentert at barn i låginntektsfamiliar kan ha stort utbytte av å gå i barnehage. Det er derfor særleg viktig å auke deltakinga i barnehage blant barn i fattige familiar.
Barnehagar, sfo og skular har eit stort potensiale til å bidra meir til å utjamne sosiale ulikskapar.
Bygland ligg noko lågare enn gjennomsnittet i Agder i delen born som går i barnehagen. Skilnaden er størst for barn i alderen 1-2 år.
7.3 Skulebeskyttelse
Telemarkforsking sin rapport Ung i Setesdalsregionen syner ulike indikatorar for helse- og åtferdsutfordringar, risiko- og beskyttelsesfaktorar blant ungdom i Setesdal. Skolen som beskyttande faktor kan knytast til ulike aspekt ved det som blir kalla skoleklima. Eit godt skoleklima blir kjenneteikna av : 1) Sikkerheit (som skolereglar og normer); 2) gode relasjonar; 3) gode føresetnadar for undervisning og læring; 4) fysiske fasilitetar og 5) forbetringsprosessar. Eit godt skoleklima kan bidra til betre psykisk helse, mindre normbrot, redusert bruk av rusmidlar og betre skuleresultat hos elevane. Det er så få elevar på ungdomstrinnet på Bygland skule at rapporten berre syner hovudresultat oppsummert.
I Setesdalsregionen har 19 % av ungdomsskuleelevane høg skulebeskyttelse (2022). Det er ein nedgang på 8% frå 2019. I Agder er gjennomsnittet 20%, og rapporten seier at Bygland ligg litt lågare på skulebeskyttelse enn Agder.
7.4 Nærmiljø
Å vakse opp i eit nabolag og lokalsamfunn prega av fellesskap, sosial samhandling og varierte fritidsaktivitetar fremjar trivsel og helse blant barn og unge. I tillegg er oppleving av tryggleik i nærområdet ei viktig side ved befolkninga sin livskvalitet. Å ha god og enkel tilgang til ulike typar fasilitetar og servicetilbod lokalt blir trekt fram som ein viktigaste faktorane for å gjere lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige.
Folkehelseundersøkinga 2019 syner at innbyggjarane i Bygland opplever å ha svært god tilgang til parkar og grøntareal. Tilgjengelegheita til butikkar og andre servicetilbod blir opplevd som god.
SSB sin statistikk viser delen busette som har tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng. I sin kunnskapsoversikt over miljø og helse beskriver Folkehelseinstituttet (2009) at utnyttinga av grøntområde faller ved aukande avstand frå bustad. Spesielt barn sin aksjonsradius er avgrensa. De fleste 5-6-åringar oppheld seg mindre enn 100 meter frå eigen bustad. I gjennomsnitt er grensa for kor langt folk vil gå eller sykle for å kome til eit grøntområde ca. 10 minuttar. I praksis betyr dette maksimum 400 meter for barn og eldre.
7.5 Sosial deltaking
Analyser av Ungdata-materialet viser at det er sosial ulikskap i deltaking, både når vi ser på kven som ikkje deltar i organiserte fritidsaktivitetar, og kven som ikkje har vore ute med venner størstedelen av kvelden. Når vi ser på kven som har vore sosiale på nett, ser vi at elevar med lågast sosioøkonomisk status oppgir i større grad å ha vore sosial på nett størstedelen av kvelden.
7.6 Barnevern
Barnevernstiltak er ei rekke ulike tiltak som blir sett i verk for å ta i vare barn sine omsorgsbehov. Barnevernet kan sette inn ulike hjelpetiltak for å auke foreldrekompetansen, kompensere for manglar i omsorga, eller avlaste foreldra. Dersom barnevernet sine hjelpetiltak ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnet ein forsvarleg omsorgssituasjon, kan barnet bli flytta ut av heimen.
Indikatoren under gir ein status for delen barn som mottar barnevernstiltak i befolkninga i aldersgruppa 0-17 år. Indikatoren er interessant å følge over tid, også på tvers av barnevernstenester. Det vil vere viktig for kommunen å følge med på kor stor del av barn som har barnevernstiltak.
Ulik del barn med barnevernstiltak mellom kommunane kan skuldast ulikskap i levekår, ulike tersklar for å yte barnevernstiltak, samt korleis barneverntenesta er innretta i kommunen – om forebyggande tiltak blir gitt av barneverntenesta eller andre hjelpetenester i kommunen.
Det er kjent at låg sosioøkonomisk status gir høgare risiko for barnevernstiltak. Altså samsvarer tala du finn her med tal for låginntekt og statistikkar frå NAV.
7.7 Oppsummering
Foreldra sin utdanningsbakgrunn, økonomi, butilhøve, fysiske og psykiske helse, forhold til rus og tilknyting til arbeidslivet påverkar kvar og for seg barn sine levekår og livssjansar. Barn som veks opp i fattige familiar opplever ofte negative konsekvensar på fleire av desse områda. Det er i tillegg ein risiko for at barn som veks opp i fattige familiar sjølv hamnar i låginntektsgruppa som vaksne, og at fattigdom på denne måten blir nedarva.
Samanlikna med andre barn skårar dei i gjennomsnitt lågare på indikatorar for fysisk og psykisk helse. Barnehagedeltakinga er lågare for denne gruppa og dei deltar i mindre grad i fritidsaktivitetar. Dei gjer det dårlegare på skulen, færre fullfører vidaregåande skule og færre tar universitetsutdanning.
Fullført og bestått vidaregåande opplæring er ein av dei viktigaste føresetnadane for å delta i arbeids- og samfunnslivet og for å unngå utanforskap både i dagens og i framtidas samfunn. Utdanning og kvalifisering er også en viktig faktor for integrering.
Arbeid er ein av dei viktigaste påverknadsfaktorane for helse. Å sørge for likestilling og inkludering i samfunnet er sentralt for å løfte levekåra i heile befolkninga
Å sikre at alle barn og unge veks opp med like moglegheiter vil vere eit viktig innsatsområde for å redusere sosial ulikskap.