3.1 Arealrekneskap
Statistikk som syner omfanget av arealbruk og til gjengelege arealressursar, er svært viktig informasjonsgrunnlag for avgjersler. Etableringa av arealrekneskap for Agder har gitt betre moglegheit til å halde oversikt over endringar i areal som tas i bruk, endringar i spreiing av arealtypar og endringar i planlagt bruk av areal.
Arealrekneskapen for Bygland i figur 11 er basert på kommuneplanen 2011-2022 og gjeldande reguleringsplanar. Kommunen har mange utbyggingsområde som ikkje er bygd ut. Planreserven er på heile 25 031 dekar. 21 335 dekar av desse er til fritidsbustader.
Figur 11 Arealrekneskap for Bygland 2023 Kjelde: Agdertall.no
Andre arealtypar inkluderer bygd areal (6528 dekar) og myr (49073 dekar). Samferdsel utgjer største delen av bygd areal.
Det er stort fokus på bevaring av myr og dyrka mark i dei sentrale føringane for arealdisponering. Dersom vi ser på antatt planreserve i Bygland, dvs planlagte byggeområde som har eit attståande utbyggingspotensiale, så legg den beslag på mykje myr og noko dyrka mark. Forslaget til ny arealdel tar i mykje større grad omsyn til jordvern og bevaring av myr gjennom at det er tatt ut store område som er avsett til fritidsbustadformål i planforslaget.
Figur 12 Planreserve og bruk av areal i Bygland Kjelde: Agdertall.no
3.2 Plante- og dyreliv
Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområda for dyr og plantar blir øydelagt eller delt opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidrar til å sikre naturverdiar og bevare områder av internasjonal, nasjonal og regional verdi.
Samla sett er 55% av kommunen sitt areal bandlagt. Det vere seg landskapsvernområde, naturreservat, verna vassdrag, utvalde naturtypar, nasjonalt villreinområde m.m. Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde og verneplanane for vassdraga Njardarheim og Tovdalsvassdraget utgjer den største delen av dei verna områda. Gjennom den statlege ordninga med frivillig vern av skog blir stadig nye område verna og avsett som naturreservat. Nokre av områda overlappar kvarandre.
Verna område | % av totalarealet |
Landskapsvern | 21,3 |
Verna vassdrag | 49,5 |
Naturreservat | 2,8 |
3.3 Vatn
Vassregion Agder omfattar største delen av Agder fylke og mindre delar av fylka Vestfold og Telemark og Rogaland. Sjølv om vasskvaliteten i delar av vassregionen er god, så er det også store utfordringar som forsuring, krypsiv og konsekvensar av vasskraftregulering.
Vann-Nett viser at dei største utfordringane i Agder vassregion er langtransportert forureining (sur nedbør), følgd av vasskraft, introduserte artar og sjukdommar.
Figur 13 Vassområde Otra Kjelde: Vann-Nett.no/Vannstatistikk
3.4 Forureining
Avløpsreinsing er en helt nødvendig teneste og funksjon i dagens moderne samfunn. Jf. Agdertall.no/SSB er 66% av innbyggjarane i Bygland knytt til reinseanlegg der reinsekrava er oppfylt. 11% av er knytt til reinseanlegg der reinsekrava ikkje er oppfylt.
Figur 14 Status kommunale reinseanlegg i Agder Kjelde: Agdertall.no/SSB
EU-landa sette i 2018 som målsetting at halvparten av alt hushaldningsavfall skal gjenvinnast i kvart enkelt EU-land innan 2020. Noreg har prinsipielt slutta seg til desse målsettingane. Figur 14 syner at Bygland ligg lågt på levering av hushaldningsavfall til gjenvinning i Agder. Kommune ligg på same nivå som resten av kommunane i Setesdal.
3.5 Oppsummering
Det er i dag ei aukande erkjenning av at vår åtferd kan være øydeleggande for det biologiske mangfaldet på jordkloden. Dette fører til at det er blitt viktigare å ha eit gjennomtenkt forhold til korleis vi nyttar og tar i vare naturareala.
Miljø- og klimamessig berekraft handlar om at omsynet til klima og natur skal vere førande for alt vi gjer når vi utviklar samfunnet vidare. Det må tas omsyn til planeten og naturen sine tolegrenser for å unngå å bli meir sårbare for natur- og sultkatastrofar. Klima- og naturkrisa kjem som følge av klimaendringane og tapet av naturmangfaldet i verda.
Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og planter blir øydelagd og delt opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidrar til å sikre naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også bli oppretta for å ta vare på landskapet sin eigenart og kulturminne.
Dei indre delane av Agder er svært tynt busett, og de øvre delane av vassdraga er lite påverka av industri, tett busetnad og landbruk. Men det er store vasskraftreguleringar i de fleste vassdraga, som også påverkar vassføringsforholda i dei nedre delane. Arealendringar og fysiske inngrep i og langs vassdrag kan gi konsekvensar for vassmiljøet. Kommunen skal sørge for at det tas nødvendig omsyn til vassmiljø og dei miljømåla som er fastsett i regional plan for vassforvaltning i vassregion Agder.