Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024

  1. 1 Befolkning
    1. 1.1 Befolkningsutvikling
    2. 1.2 Innvandring
    3. 1.3 Flytting
    4. 1.4 Prognosar
      1. 1.4.1 Befolkningsframskriving
      2. 1.4.2 Fødselsbalanse og nettoflytting
    5. 1.5 Oppsummering
  2. 2 Bustad og hushaldningar
    1. 2.1 Bustadstatistikk
    2. 2.2 Hushaldningar
    3. 2.3 Bustader i bruk
    4. 2.4 Oppsummering
  3. 3 Areal og natur
    1. 3.1 Arealrekneskap
    2. 3.2 Plante- og dyreliv
    3. 3.3 Vatn
    4. 3.4 Forureining
    5. 3.5 Oppsummering
  4. 4 Klima
    1. 4.1 Utslepp klimagassar
    2. 4.2 Klimagassreduksjonar
    3. 4.3 Klimatilpassing
    4. 4.4 Oppsummering
  5. 5 Mobilitet
    1. 5.1 Trafikktryggleik
    2. 5.2 Kollektivtransport
    3. 5.3 Digital infrastruktur
    4. 5.4 Infrastruktur el-bilar
    5. 5.5 Oppsummering
  6. 6 Utdanning og kompetanse
    1. 6.1 Grunnskulen - elevtal
    2. 6.2 Grunnskulepoeng
    3. 6.3 Nasjonale prøver
    4. 6.4 Skulebidragsindikator
    5. 6.5 Læringsmiljø
    6. 6.6 Spesialundervisning
    7. 6.7 Vidaregåande opplæring
    8. 6.8 Utdanningsnivå
    9. 6.9 Kompetansebehov
    10. 6.10 Oppsummering
  7. 7 Oppvekst og levekårsforhold
    1. 7.1 Risikogrupper for låginntekt
    2. 7.2 Barnehage
    3. 7.3 Skulebeskyttelse
    4. 7.4 Nærmiljø
    5. 7.5 Sosial deltaking
    6. 7.6 Barnevern
    7. 7.7 Oppsummering
  8. 8 Arbeidsliv
    1. 8.1 Sysselsetting
    2. 8.2 Inntekt
    3. 8.3 Likestilling og inkludering
    4. 8.4 Arbeidsledigheit
    5. 8.5 Sjukefråver
    6. 8.6 Stønader frå NAV
    7. 8.7 Utanforskap frå arbeidslivet
    8. 8.8 Oppsummering
  9. 9 Næringsliv
    1. 9.1 Næringsstruktur
    2. 9.2 Verksemder og føretak
    3. 9.3 Tilsette i Bygland
    4. 9.4 Pendling
    5. 9.5 Oppsummering
  10. 10 Kultur og fritid
    1. 10.1 Kulturtilbod og kulturaktivitet
    2. 10.2 Frivilligheit
    3. 10.3 Fritidstilbod
    4. 10.4 Kulturskule
    5. 10.5 Idrettsaktivitet og anlegg
    6. 10.6 Kulturminnevern
    7. 10.7 Oppsummering
  11. 11 Helse
    1. 11.1 Livskvalitet og psykisk helse
      1. 11.1.1 Sosial støtte
      2. 11.1.2 Einsemd
      3. 11.1.3 Psykiske plager og lidingar
      4. 11.1.4 Demens
      5. 11.1.5 Vener
      6. 11.1.6 Foreldrerelasjon
    2. 11.2 Helserelatert åtferd
      1. 11.2.1 Fysisk aktivitet
      2. 11.2.2 Skjermtid
      3. 11.2.3 Kosthald
      4. 11.2.4 Rusmiddel
      5. 11.2.5 Tobakk
    3. 11.3 Vald, sjølvskading og overgrep
      1. 11.3.1 Sjølvskading
      2. 11.3.2 Sjølvmord
    4. 11.4 Helsetilstand
      1. 11.4.1 Levealder
      2. 11.4.2 Eigenvurdert helse
      3. 11.4.3 Tannhelse
      4. 11.4.4 Diabetes
      5. 11.4.5 Overvekt
      6. 11.4.6 Kreft
      7. 11.4.7 Muskel- og skjelettplager
      8. 11.4.8 Ulykker
      9. 11.4.9 Drukning
      10. 11.4.10 Trafikk
      11. 11.4.11 Fall
    5. 11.5 Helsetenester
      1. 11.5.1 Barnevaksinasjonsprogrammet
      2. 11.5.2 Influensavaksinerte over 65 år
      3. 11.5.3 Bruk av helsetenester
      4. 11.5.4 Framtidig helsebehov
      5. 11.5.5 Oppsummering
  12. 12 Kjelder

4 Klima

4.1 Utslepp klimagassar

Regionplan Agder 2030 seier at klimagassutsleppa skal bli redusert med 45% innan 2030. Bygland står for under 1% av Agder sine klimautslepp. For Bygland er moglegvis dei viktigaste tiltaka knytt til bevaring av myr, elektrifisering av transport og tiltak innan jordbruket. Utslepp pr. innbyggar er like høge i Bygland som for resten av Agder.

Ladeinfrastruktur er under utbygging og har gjort til at fleire skaffar elbil. Kommunen har som målsetting å kjøpe fossilfrie tenestekøyretøy. 


Figur 16 Klimagassutslepp pr. sektor i Bygland 2021 Kjelde: Agdertall.no/Miljødirektoratet 

4.2 Klimagassreduksjonar

Agder har gjennom ein kombinasjon av sin plassering, infrastruktur og vasskraftproduksjon ein unik global fornybar kraft-posisjon. Samla gjer dette til at Agder kan kalle seg verdas største fornybare kraftknutepunkt. Ingen andre stader er det ein så god og sikker tilgang på rimeleg fornybar kraft.

Agder fylkeskommune sitt målbilete Electric Region Agder 2030 handlar om å utnytte eitt av regionen sine globale fortrinn for å realisere ein visjon om eit Agder der alt er elektrisk, alt er fornybart. Dette skjer gjennom å elektrifisere samfunnet ved å erstatte fossil energi med fornybar elektrisitet, og samtidig legge til rette for grøn næringsutvikling som tar i bruk det store kraftoverskotet i regionen. Visjonen er å gjere Agder til verdas første heilt elektriske og heilt fornybare samfunn. 


Figur 17 Kjelde: Agdertall.no/Electric Region Agder 

4.3 Klimatilpassing

Klimaendringane og effektane av desse har konsekvensar for viktige verdiar i samfunnet og i naturen.  

Framover vil landbruket ha utfordringar knytt til ekstremvêr, turke og auka førekomst av plante- og dyresjukdommar som kan redusere produktiviteten. Generelt er det forventa at meir nedbør vil gje vanskelegare dyrkings- og innhaustingsforhold. Skog og våtmark vil ha ein viktig funksjon for å forhindre skred og flaum. Samtidig kan mildare klima med meir nedbør og lengre vekstsesong gi positive endringar med auka matproduksjon og moglegheit for nye vekstar.

For å sikre at ein når dei nasjonale måla for naturmangfald og friluftsliv, er tilpassing heilt nødvendig. Samtidig kan natur og naturbaserte løysingar bidra til å dempe verkingane av klimaendringane i andre delar av samfunnet.

Klimaendringane aukar påkjenningane på kulturminne og kulturmiljø, og fører til både akutte hendingar og skader som utviklar seg over tid. I eit klima i endring blir godt vedlikehald og skjøtsel enda viktigare enn før. For eksempel vil ein forlenga vekstsesong kunne føre til at kulturlandskap gror raskare igjen. Vurdering av risiko, gjennomføring av risikoreduserande tiltak og god beredskap er viktig for å redusere tapet av kulturhistoriske verdiar.

Saman med klimaendringar er samfunnsendringar som for eksempel urbanisering og avhengigheit av teknologi, viktige drivarar for ny og auka risiko og sårbarheit på dei fleste områda i samfunnet. Desse samansette utfordringane krev ei anna tilnærming til planlegging. Risiko- og sårbarheitsanalyser og kartlegging av naturfare er viktige verktøy for å gjere gode vurderingar i samfunnsplanlegginga.  

4.4 Oppsummering

Klimagassutsleppa i Bygland kommune er låge. Dei største bidraga kjem frå vegtrafikk og jordbruk. Nivået på utsleppa har vore stabile over fleire år. Bygland kommune har spreidd busetting og lange avstandar. Vi er avhengige av å kunne nytte bilen som framkomstmiddel. Kollektivtilbodet er avgrensa på grunn av lite passasjergrunnlag.

Klimaendringane påverkar samfunnet på så mange område. Det er mogleg å nytte bevisstgjeringa til å tenkje nytt og moglegvis betre i bruk av ressursar og i tilrettelegginga av drift og utvikling.

Det viktigaste elementet for å nå regionplan Agder 20230 sitt klimamål om å kutte 45% av direkte klimautslepp innan 2030, er å bytte ut all bruk av fossil energi i transportsektoren med elektrisitet/hydrogen. Samtidig som det må bli satsa på fangst av karbon og lagring (CCS) i avfallsforbrenning og industri.