Faktura frå Bygland kommune

MinEiendom kan du finne oversikt over kommunale avgifter. Der kan du og endre fakturaintervall, altså kor ofte du vil motta faktura på dei kommunale avgiftene dine.

Forfallsdato på fakturaer

  • Kommunale avgifter blir fakturert kvar månad, med forfall 20. kvar månad.
  • Barnehage og SFO blir fakturert kvar månad med unntak av juli, med forfall 20. kvar månad.
  • Helse- og omsorgstenester blir fakturert kvar månad, med forfall 20. kvar månad.

eFaktura

I nettbanken din har du moglegheit til å automatisk godta eFaktura frå alle verksemder som tilbyr tenesten og som du har eit kundeforhold til.
Finn e-Faktura-tenesten i nettbanken din for å velge eFaktura som digitalt førsteval for faktura.

Avtalegiro

AvtaleGiro er ein teneste for automatisk betaling av dei faste rekningane dine. Det vil sei at banken sørger for at rekningane blir betalt direkte frå kontoen din på forfallsdato. Du har full oversikt og kontroll over rekningane dine, sjølv om trekka blir gjort automatisk av banken.

Dette gjer du i nettbanken eller ved at du kontaktar banken. Bygland kommune kan ikkje opprette avtalegiroavtale for deg.

Treng du å utsette betalingsdatoen?

Om du treng å utsette betalingsdatoen, kan du gjere det ved å bruke skjemaet nedanfor

Skjema for å utsette betalingsdato

Betalingssatsar på kommunale tenester

Her finn du oversikt over betalingssatsar, prisar og gebyr for alle kommunale tenester som kommune tilbyr

Innfordring (kreve inn betaling for fakturaer)

Det er Kreditorforeningen som krev inn alle kommunale fakturaer, med unntak av barnehage og SFO. Desse krev kommunen inn sjølv.

Eigedomsskatt

Kommunen har ikkje eigedomsskatt på hus og hytter. Eventuelle næringsetableringar betaler heller ikkje eigedomsskatt. Kommunen har eigedomsskatt på kraftverk og kraftnett, samt på bygg og eigedom som var definert som verk og bruk i den gamle eigedomsskattelova, men skatten på sistnemnte type blir fasa ut i løpet av 2024.