Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024
1 Befolkning
1.1 Befolkningsutvikling
Befolkningsutvikling I perioden 2018-2023 har det blitt over 12 000 fleire egder. Den største veksten er i sentrale kommunar langs kysten. Bygland er blant kommunane med størst prosentvis nedgang. Status i 2023 er at ca. 85 prosent av egdene bur i ein av kystkommunane, og meir enn kvar tredje egd bur i Kristiansand (36,6 prosent).
Bygland har pr oktober 2023 1161 innbyggjarar. Vi har blitt 200 færre sidan 2000, som er ein nedgang på 15%.
Figur 1 Kjelde: Agdertall.no/SSB Innvandring Utanlands innvandring utgjer den størst
1.2 Innvandring
Utanlands innvandring utgjer den største kjelda til befolkningsvekst på Agder, og har betydd skilnaden mellom befolkningsvekst og nedgang for mange kommunar på Agder i perioden frå 2000. Samtidig ser det ut til at innvandrarar etter ein periode i opphavleg tilflyttingskommune søker mot dei større byane, enten innanfor landsdelen eller i andre delar av landet.
I Bygland har det vore mest innvandring frå Europa, men vi har også innbyggjarar frå Afrika, Asia og Latin-Amerika. Flyktningmottaket som var i drift i perioden 2015-2017 er hovudårsaka til auka i innvandring i denne perioden.
Figur 2 Personar med innvandrarbakgrunn i Bygland 1970-2023 Kjelde: Agdertall.no/SSB
Det har vore ei auke i folketalet idet siste året på ca. 30 personar. Dette skuldast busetting av flyktningar frå Ukraina.
1.3 Flytting
Mobiliteten er størst mellom kommunar som framstår som felles bu- og arbeidsmarknadsregionar, og dei fleste flyttingar skjer innanfor eige fylke. Flytting innanlands gir eit viktig bilete på kommunane sin attraktivitet, og heng saman med tilgang til arbeidsplassar, identitet, familie og tilhøyrsle m.m. I Agder har Setesdal hatt størst negativ innanlands flytting over tid.
I Bygland har hatt negativ flytting innanlands dei siste 20 åra, men flyktningstraumar i samband med krig og uro i verda har gitt positiv netto innflytting i periodar.
Figur 3 Flytting i Bygland i perioden 2000-2023 Kjelde: Agdertall.no/SSB
1.4 Prognosar
Befolkningspyramiden samanliknar befolkninga si alderssamansetning i 2022 med berekna alderssamansetning i 2040. Ho illustrerer lågare forventa fødselstal og med det mindre årskull i lågare aldrar framover, samtidig som dei større årskulla som er i 50-åra i dag blir pensjonistar.
Prognoser som er gjort for 2040 viser ei stor auke i den eldste aldersgruppa. Legger ein til grunn at (den låge) sysselsettingsgraden vil vare ved, vil berekna bereevne bli enda lågare. Aldersbæreevna er av særleg interessant for framtida sin økonomiske bereevne og for velferdstilbod og helse- og omsorgstenestene.
1.4.1 Befolkningsframskriving
Befolkningsframskrivinga er ei berekning av framtidig befolkningsstorleik og -samansetning. Utgangspunktet er ofte, slik som i SSB sine framskrivingar i figur 5, ulike føresetnader om fruktbarheit, dødelegheit, flytting og inn- og utvandring.
For å vise at befolkningsutviklinga er usikker, blir det ofte laga framskrivingar i ulike alternativ. Blant SSB sine ulike framskrivingsalternativ, er hovudalternativet det som blir sett på som den mest trulege utviklinga gitt situasjonen ved framskrivingstidspunktet. SSB meiner at utflyttinga bremsar, fordi det blir auka tal på eldre i distriktskommunane og desse er meir bufaste, og at auka levealder og positiv netto innvandring bidreg til å oppretthalde folketalet.
Figur 5 SSB si befolkningsframskriving for Bygland mot 2050 Kjelde: SSB
Telemarksforsking si framskriving er vist i figur 6. Framskrivinga inneheld også hovudalternativet til SSB. Telemarksforsking forklarer skilnaden i framskrivingane med måten sannsyn for flytting blir berekna. Sentralitetskreftene har større tyding i Telemarkforsking sin modell enn kva SSB bereknar. Den er også mindre optimistisk med omsyn til framtidige fødselstal.
Utviklinga viser følgjande hovudtrekk:
- Folkeauken i Bygland ligg under den nasjonale folkeauken.
- Den låge auka skuldast lågare fødselsoverskot og ei negativ nettoflytting.
- Folkeauken er sterkast i aldersgruppa 67 år og eldre.
1.4.2 Fødselsbalanse og nettoflytting
Figuren under syner korleis befolkningsendringane fordelar seg på fødselsoverskot og nettoflytting i Bygland basert på scenarioet med nøytral attraktivitet for busetting og næringslivet.
Figur 7 Årlege befolkningsendringar i Bygland fordelt på fødselsoverskot og nettoflytting Kjelde: Telemarksforsking
1.5 Oppsummering
Det har vore ein jamn nedgang i innbyggartalet i kommunen dei siste 20 åra. Busetting av flyktningar har gjeve positiv utvikling i periodar. Utviklinga følgjer dei sentrale trendane med at befolkninga i distrikta trekker inn mot urbane område.
NOU 202:15 Det handler om Norge legg vekt på distrikta sine tre demografiutfordringar: befolkningsnedgang, aldring og spreidd busetting. Desse tre utfordringane har en tendens til å opptre saman. Slik demografisk uttynning i ein region kan bidra til å forsterke utfordringar med låg befolkningstettheit og aldring, kan stabilisering av folketalet eller vekst bidra til å dempe utfordringane. Likevel, det å vere ein distriktskommune – med liten befolkning og store avstandar – er like fullt ei demografiutfordring i seg sjølv som krev særskilte grep. Det blir ikkje nødvendigvis så mykje endring om folketalet går litt opp eller litt ned.