Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024

  1. 1 Befolkning
    1. 1.1 Befolkningsutvikling
    2. 1.2 Innvandring
    3. 1.3 Flytting
    4. 1.4 Prognosar
      1. 1.4.1 Befolkningsframskriving
      2. 1.4.2 Fødselsbalanse og nettoflytting
    5. 1.5 Oppsummering
  2. 2 Bustad og hushaldningar
    1. 2.1 Bustadstatistikk
    2. 2.2 Hushaldningar
    3. 2.3 Bustader i bruk
    4. 2.4 Oppsummering
  3. 3 Areal og natur
    1. 3.1 Arealrekneskap
    2. 3.2 Plante- og dyreliv
    3. 3.3 Vatn
    4. 3.4 Forureining
    5. 3.5 Oppsummering
  4. 4 Klima
    1. 4.1 Utslepp klimagassar
    2. 4.2 Klimagassreduksjonar
    3. 4.3 Klimatilpassing
    4. 4.4 Oppsummering
  5. 5 Mobilitet
    1. 5.1 Trafikktryggleik
    2. 5.2 Kollektivtransport
    3. 5.3 Digital infrastruktur
    4. 5.4 Infrastruktur el-bilar
    5. 5.5 Oppsummering
  6. 6 Utdanning og kompetanse
    1. 6.1 Grunnskulen - elevtal
    2. 6.2 Grunnskulepoeng
    3. 6.3 Nasjonale prøver
    4. 6.4 Skulebidragsindikator
    5. 6.5 Læringsmiljø
    6. 6.6 Spesialundervisning
    7. 6.7 Vidaregåande opplæring
    8. 6.8 Utdanningsnivå
    9. 6.9 Kompetansebehov
    10. 6.10 Oppsummering
  7. 7 Oppvekst og levekårsforhold
    1. 7.1 Risikogrupper for låginntekt
    2. 7.2 Barnehage
    3. 7.3 Skulebeskyttelse
    4. 7.4 Nærmiljø
    5. 7.5 Sosial deltaking
    6. 7.6 Barnevern
    7. 7.7 Oppsummering
  8. 8 Arbeidsliv
    1. 8.1 Sysselsetting
    2. 8.2 Inntekt
    3. 8.3 Likestilling og inkludering
    4. 8.4 Arbeidsledigheit
    5. 8.5 Sjukefråver
    6. 8.6 Stønader frå NAV
    7. 8.7 Utanforskap frå arbeidslivet
    8. 8.8 Oppsummering
  9. 9 Næringsliv
    1. 9.1 Næringsstruktur
    2. 9.2 Verksemder og føretak
    3. 9.3 Tilsette i Bygland
    4. 9.4 Pendling
    5. 9.5 Oppsummering
  10. 10 Kultur og fritid
    1. 10.1 Kulturtilbod og kulturaktivitet
    2. 10.2 Frivilligheit
    3. 10.3 Fritidstilbod
    4. 10.4 Kulturskule
    5. 10.5 Idrettsaktivitet og anlegg
    6. 10.6 Kulturminnevern
    7. 10.7 Oppsummering
  11. 11 Helse
    1. 11.1 Livskvalitet og psykisk helse
      1. 11.1.1 Sosial støtte
      2. 11.1.2 Einsemd
      3. 11.1.3 Psykiske plager og lidingar
      4. 11.1.4 Demens
      5. 11.1.5 Vener
      6. 11.1.6 Foreldrerelasjon
    2. 11.2 Helserelatert åtferd
      1. 11.2.1 Fysisk aktivitet
      2. 11.2.2 Skjermtid
      3. 11.2.3 Kosthald
      4. 11.2.4 Rusmiddel
      5. 11.2.5 Tobakk
    3. 11.3 Vald, sjølvskading og overgrep
      1. 11.3.1 Sjølvskading
      2. 11.3.2 Sjølvmord
    4. 11.4 Helsetilstand
      1. 11.4.1 Levealder
      2. 11.4.2 Eigenvurdert helse
      3. 11.4.3 Tannhelse
      4. 11.4.4 Diabetes
      5. 11.4.5 Overvekt
      6. 11.4.6 Kreft
      7. 11.4.7 Muskel- og skjelettplager
      8. 11.4.8 Ulykker
      9. 11.4.9 Drukning
      10. 11.4.10 Trafikk
      11. 11.4.11 Fall
    5. 11.5 Helsetenester
      1. 11.5.1 Barnevaksinasjonsprogrammet
      2. 11.5.2 Influensavaksinerte over 65 år
      3. 11.5.3 Bruk av helsetenester
      4. 11.5.4 Framtidig helsebehov
      5. 11.5.5 Oppsummering
  12. 12 Kjelder

8 Arbeidsliv

Et inkluderande arbeidsliv med høg deltaking, er viktig for bereevna til samfunnet. Å delta i yrkesaktivt arbeid er som regel helsefremjande og utgjer en avgjerande verdi for enkeltmenneske så vel som samfunnet det lever i. Å ha ein stor del av befolkninga i arbeid og inkludere fleire av dei som er i ytterkanten av arbeidsmarknaden, vil ha positiv effekt på folkehelsa generelt, samtidig som det kan redusere fattigdom og ulikskap. Sysselsettingsgrad og deltidsarbeid er viktige innsatsfaktorar for tilgang på arbeidskraft.

8.1 Sysselsetting

Agder er fylket med lågast del sysselsette pr. 2022 på 73,9%, medan landsgjennomsnittet er 77,4%. Bygland har også sysselsetting på 73,9%, og er derfor på gjennomsnittet i Agder.

Sysselsettinga i Bygland fordeler seg med 52% i privat sektor, 38% i kommunal forvaltning og 10% i statsforvaltninga.

Delen som arbeider deltid er høgare i Bygland enn i Agder, med 52% for kvinner og 22% for menn. Tala har vore nokså stabile dei siste 6 åra.

Figuren under syner talet på sysselsette fordelt på næringar i Bygland.

 

Figur 31 syner kva næring dei som er busett i Bygland, er sysselsett innan.

8.2 Inntekt

Eiga inntekt gir handlingsrom i eiga liv. Det er ein direkte samanheng mellom økonomiske ressursar og helse fordi privatøkonomien påverkar tilgang til helsefremjande forbruk. Majoriteten av befolkninga i Noreg har ein relativt høg levestandard og tilhøyrar hushaldningar med relativt god økonomi. Omfanget av fattigdom i absolutt forstand er avgrensa.
Likevel er det nokre som lever med ei inntekt og ein levestandard som ligg betydeleg lågare enn den generelle levestandarden i samfunnet. Svak eller manglande tilknyting til arbeidslivet er ein viktig årsak til fattigdom og låg inntekt. Låg inntekt aukar sannsynet for dårleg sjølvopplevd helse, sjukdom og for tidleg død. I tillegg har det å vakse opp i familiar som over tid har låginntekt stor betyding for barna si helse og velferd.
Det er vanleg å bruke hushaldningar med låginntekt som indikator for fattigdom. Vedvarande låginntekt er eit mål på delen av befolkninga som lever i hushaldningar der samla hushaldningsinntekta gjennom tre år er lågare enn 60% av medianinntekta. Utviklinga i Noreg dei siste tiår viser at stadig fleire barn veks opp i familiar med vedvarande låginntekt. Sidan årtusenskiftet har delen blitt tredobla. Delen aukar meir i Agder enn landsgjennomsnittet.
I Bygland er det ein høg del barn og unge i alderen 0-17 år som bur i hushaldningar med vedvarande låginntekt.,


 

8.3 Likestilling og inkludering

Likestilling er ein menneskerettigheit og demokratisk grunnverdi. Likestilling inneber deltaking på lik line for alle, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, etnisitet, livssyn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne.
Forskinga har over lang tid peikt på samanhengar mellom lågare grad av kjønnslikestilling og låg score på tradisjonelle levekårsindikatorar. Agder skilder seg negativt ut på ein rekke område innan likestilling. Kvinner i Agder tener i gjennomsnittet mindre enn kvinner i landet elles. I tillegg tener dei mindre enn menn. Det er færre kvinnelege kommunestyrerepresentantar og færre kvinnelege leiarar i Agder enn i landet elles.
Likestilling mellom kvinner og menn kan bli belyst på mange måtar og ved hjelp av ulike typar statistikk. Dei ulike aspekta ved likestilling kan bli plassert i to grupper og langs seks til dels overlappande dimensjonar:
A: Institusjonelle og strukturelle rammer for lokal likestilling
•    Offentleg tilrettelegging for potensiell likestilling
•    Næringsstruktur og utdanningsmønster
B: Kvinner og menn sine lokale tilpassingar
•    Fordeling av tidsbruk, arbeid/omsorg
•    Fordeling av individuelle ressursar/innflytelse
•    Fordeling av politisk innflytelse
•    Fordeling av pengar

 

 

8.4 Arbeidsledigheit

Arbeidsmarkanden i Agder er prega av låg ledigheit og høg etterspurnad etter arbeidskraft. Særleg stor er mangelen innan helse- og sosiale tenester og bygg- og anleggsbransjen. Arbeidsledige omfattar personar som har registrert seg heilt ledige eller delvis ledige hos NAV. Dei som er heilt ledige, er 100% ledige. Dei som er delvis ledige, har ein jobb, men ønskjer å jobbe meir.

NAV Agder sin statistikk frå august 2023 syner at arbeidsledigheita i Bygland er lågast i Agder. 

 

I Agder har delen personar med nedsett arbeidsevne i lengre tid ligge klart over landsgjennomsnittet. Ser vi dette i samanheng med den høge etterspurnaden etter arbeidskraft har regionen eit høgt nivå av ubrukt arbeidskraft. I Bygland er det 7,6% av innbyggjarane som har nedsett arbeidsevne pr februar 2023. Det er omtrent det same som gjennomsnittet for Agder.

8.5 Sjukefråver

Sjukefråværsstatistikken måler sjukefråværet blant lønstakarar i norske verksemder, dokumentert gjennom eigen- og legemelding. Sjukefråværet i Agder ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Som landet elles er sjukefråværet høgare blant kvinner enn menn.
Bygland har nest lågast sjukefråvær i Agder med 4,2% pr. 1. kvartal 2023. Sjukefråværet er 6,7% blant kvinner og 2,1% blant menn. Gjennomsnittet i Agder i same periode er 6,4%. 

 

8.6 Stønader frå NAV

NAV utbetalte 32,9 milliardar kroner i Agder i 2022, og auka med 4% frå 2021. Dette skuldast i stor grad auken av tal på mottakarar av pensjon og uføretrygd. Alderspensjon utgjorde 46% av beløpet, medan 26% av utbetalingane var til uføretrygd.
Talet på personar som mottar uføretrygd har vakse jamt i fleire år, men nokre grupper aukar meir enn andre. Blant anna er det mange fleire kvinner enn menn som blir uføretrygda heilt, eller delvis. Over tid har vi også sett ein sterkare vekst i delen uføre under 30 år.
I Bygland mottar 19,8% av innbyggjarane uføretrygd pr. juni 2023. Gjennomsnittet er 14,2% i Agder og 11,5% i Noreg. 
 

 

Delen som mottar arbeidsavklaringspengar, har variert over tid for Bygland, men ligg pr. 2023 på nivå med Noreg med 4,1% som er noko under Agder med 5,3%.
Det er svært få som mottar sosialhjelp i Bygland. I 2021 og 2022 var det under 1% jf. SSB.
Det er låge tal på unge med ytingar som arbeidsavklaringspengar (AAP)/Ufør i Bygland kommune. Dette gjeld for heile Setesdal. Dei som har behov for oppfølging ein periode, er som regel veldig motiverte for å kome i gang med utdanning/arbeid og raske å snu i døra. 
Den høge delen uføretrygda/ikkje arbeidsføre kan ha samanheng med låge bukostnadar og prisane i bustadmarknaden jamført inntekt, samt fleire «sliteyrke». 
 

8.7 Utanforskap frå arbeidslivet

Som deltaking i arbeidslivet er knytt til velferd langs fleire dimensjonar som helse, levealder og materiell levestandard, er utanforskap frå arbeidslivet knytt til uhelse, lågare levealder og fattigdom. Agder har eit stort utanforskap frå arbeidslivet. Fylket ligg klart over landsgjennomsnittet uansett ulike framstillingar av utanforskapet.
Pr. 2022 var 9,1% av innbyggjarane i alderen 15-29 år i Bygland utanfor arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak. Gjennomsnittet i Agder er 10,3%, og i Noreg er det 9,7%. Dersom vi ser på alle i alderen 15 år og eldre er 35% av innbyggjarane i Bygland i same situasjon. Ser vi på innbyggjarar med innvandrarstatus er delen 44%.
Bak uføretal treng det ikkje ligge utanforskap. Mange med uføregrad jobbar deltid. Andre igjen får overskot til å delta i frivillig arbeid fordi dei har moglegheit til å yte når helsa tilseier det. 
Ordninga Varig tilrettelagt arbeid (VTA) kan vere eit godt verkemiddel i sysselsettingsarbeidet. Her ligg det ein 100% uføretrygd i botnen, arbeidsgivar får driftstilskot for å tilsette innan VTA. Det er ei fin løysning både for å få kontakt med arbeidslivet og for bruken av menneskelege ressursar. Tiltaket kan også føre til at nokre kjem tilbake i ordinært arbeid.
 

8.8 Oppsummering

Det er ein høg del av befolkninga som er utanfor arbeidslivet i Bygland.
Eit inkluderande arbeidsliv med høg deltaking, er viktig for bereevna til samfunnet. Å delta i yrkesaktivt arbeid er som regel helsefremjande og utgjer ein avgjerande verdi for enkeltmenneske så vel som samfunnet det lever i. Deltaking i arbeidslivet er knytt til velferd langs fleire dimensjonar som helse, levealder og materiell levestandard. Å ha ein stor del av befolkninga i arbeid og inkludere fleire av dei som er i ytterkanten av arbeidsmarknaden, vil ha positiv effekt på folkehelsa generelt, samtidig som det kan redusere fattigdom og ulikskap. 
Sysselsetting, lønnsnivå, arbeidsledigheit, sjukefråver og uførheit er viktige indikatorar for å skildre tilstanden i arbeidslivet.