Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024

  1. 1 Befolkning
    1. 1.1 Befolkningsutvikling
    2. 1.2 Innvandring
    3. 1.3 Flytting
    4. 1.4 Prognosar
      1. 1.4.1 Befolkningsframskriving
      2. 1.4.2 Fødselsbalanse og nettoflytting
    5. 1.5 Oppsummering
  2. 2 Bustad og hushaldningar
    1. 2.1 Bustadstatistikk
    2. 2.2 Hushaldningar
    3. 2.3 Bustader i bruk
    4. 2.4 Oppsummering
  3. 3 Areal og natur
    1. 3.1 Arealrekneskap
    2. 3.2 Plante- og dyreliv
    3. 3.3 Vatn
    4. 3.4 Forureining
    5. 3.5 Oppsummering
  4. 4 Klima
    1. 4.1 Utslepp klimagassar
    2. 4.2 Klimagassreduksjonar
    3. 4.3 Klimatilpassing
    4. 4.4 Oppsummering
  5. 5 Mobilitet
    1. 5.1 Trafikktryggleik
    2. 5.2 Kollektivtransport
    3. 5.3 Digital infrastruktur
    4. 5.4 Infrastruktur el-bilar
    5. 5.5 Oppsummering
  6. 6 Utdanning og kompetanse
    1. 6.1 Grunnskulen - elevtal
    2. 6.2 Grunnskulepoeng
    3. 6.3 Nasjonale prøver
    4. 6.4 Skulebidragsindikator
    5. 6.5 Læringsmiljø
    6. 6.6 Spesialundervisning
    7. 6.7 Vidaregåande opplæring
    8. 6.8 Utdanningsnivå
    9. 6.9 Kompetansebehov
    10. 6.10 Oppsummering
  7. 7 Oppvekst og levekårsforhold
    1. 7.1 Risikogrupper for låginntekt
    2. 7.2 Barnehage
    3. 7.3 Skulebeskyttelse
    4. 7.4 Nærmiljø
    5. 7.5 Sosial deltaking
    6. 7.6 Barnevern
    7. 7.7 Oppsummering
  8. 8 Arbeidsliv
    1. 8.1 Sysselsetting
    2. 8.2 Inntekt
    3. 8.3 Likestilling og inkludering
    4. 8.4 Arbeidsledigheit
    5. 8.5 Sjukefråver
    6. 8.6 Stønader frå NAV
    7. 8.7 Utanforskap frå arbeidslivet
    8. 8.8 Oppsummering
  9. 9 Næringsliv
    1. 9.1 Næringsstruktur
    2. 9.2 Verksemder og føretak
    3. 9.3 Tilsette i Bygland
    4. 9.4 Pendling
    5. 9.5 Oppsummering
  10. 10 Kultur og fritid
    1. 10.1 Kulturtilbod og kulturaktivitet
    2. 10.2 Frivilligheit
    3. 10.3 Fritidstilbod
    4. 10.4 Kulturskule
    5. 10.5 Idrettsaktivitet og anlegg
    6. 10.6 Kulturminnevern
    7. 10.7 Oppsummering
  11. 11 Helse
    1. 11.1 Livskvalitet og psykisk helse
      1. 11.1.1 Sosial støtte
      2. 11.1.2 Einsemd
      3. 11.1.3 Psykiske plager og lidingar
      4. 11.1.4 Demens
      5. 11.1.5 Vener
      6. 11.1.6 Foreldrerelasjon
    2. 11.2 Helserelatert åtferd
      1. 11.2.1 Fysisk aktivitet
      2. 11.2.2 Skjermtid
      3. 11.2.3 Kosthald
      4. 11.2.4 Rusmiddel
      5. 11.2.5 Tobakk
    3. 11.3 Vald, sjølvskading og overgrep
      1. 11.3.1 Sjølvskading
      2. 11.3.2 Sjølvmord
    4. 11.4 Helsetilstand
      1. 11.4.1 Levealder
      2. 11.4.2 Eigenvurdert helse
      3. 11.4.3 Tannhelse
      4. 11.4.4 Diabetes
      5. 11.4.5 Overvekt
      6. 11.4.6 Kreft
      7. 11.4.7 Muskel- og skjelettplager
      8. 11.4.8 Ulykker
      9. 11.4.9 Drukning
      10. 11.4.10 Trafikk
      11. 11.4.11 Fall
    5. 11.5 Helsetenester
      1. 11.5.1 Barnevaksinasjonsprogrammet
      2. 11.5.2 Influensavaksinerte over 65 år
      3. 11.5.3 Bruk av helsetenester
      4. 11.5.4 Framtidig helsebehov
      5. 11.5.5 Oppsummering
  12. 12 Kjelder

2 Bustad og hushaldningar

2.1 Bustadstatistikk

I Bygland er det i hovudsak einebustader med ein del på 75%. Dette er på line med fleire av kommunane i Agder. 25% av bustadmassen er i tettbygde strøk (Bygland og Byglandsfjord). 


Figur 8 Bustadmassen fordelt på bygningstype (andel i %) i Bygland Kjelde: Agdertall.no/SSB 

Sidan 2000 har det vore varierande tal på ferdigstilte bustader. 

Figur 9 Ferdigstilte bustader i Bygland Kjelde: Agdertall.no/SSB 

2.2 Hushaldningar

Totalt er det 555 hushaldningar i Bygland. Talet på aleinebuande har vore aukande på landsbasis sidan tidleg på 1900-talet, og pr. 2023 utgjer dei 44,7% av hushaldningane. Talet på hushaldningar med barn har gått ned frå 37,1% i 2005 til 27,1% i 2023. Aldring, redusert fruktbarheit, redusert tal på ekteskap og familiesplittingar er viktige årsaker til dette.  

I Bygland er talet på aleinebuande høgare enn på landsbasis som er 40,6%, medan talet på hushaldningar med barn er litt lågare enn på landsbasis som er 29,7%. 


Figur 10 Privathushaldningar etter hushaldningstype i Bygland i 2023 Kjelde: Agdertall.no/SSB 

2.3 Bustader i bruk

Bygland er blant kommunane i Agder med høgast del einebustader/våningshus utan folkeregistrerte busette.  

Tabellane under syner del av bustader utan folkeregistrerte busette; totalt og for ulike område i kommunen. Utvalet her omfattar «einebustad», «einebustad m/hybel/sokkelleilegheit» og «våningshus» med bygningsstatus «tatt i bruk», «ferdigattest» eller «midlertidig brukstillating», og busett-status er ca. pr. mars 2023. «Bygland vest» er alt areal vest for dalbotnen. 

2.3 Bustader i bruk - prosent

2.3 Bustader i bruk - prosent
Område Bebudd Ubebudd
Byglandsfjord 86,0 % 14,0 %
Grendi - Lauvdal 69,7 % 30,3 %
Bygland - Jordalsbø 77,2 % 22,8 %
Sandnes - Sordal 66,0 % 34,0 %
Bygland vest 51,9 % 48,1 %
Totalt 73,3 % 26,7 %

2.3 Bustader i bruk

2.3 Bustader i bruk
Område Bebudd Ubebudd Totalt
Byglandsfjord 148 24 172
Grendi - Lauvdal 69 30 99
Bygland - Jordalsbø 129 38 167
Sandnes - Sordal 66 34 100
Bygland vest 42 39 81
Totalt 454 165 619

Kjelde: Agder fylkeskommune/Analyseavdelinga 

 

2.4 Oppsummering

Det er ein stor del av hushaldningane i Bygland som består av åleinebuande eller par utan heimebuande barn. Dette speglar at kommunen har ein aldrande befolkning og at det er få born i kommunen. Saman med overvekt av einebustader og spreidd busetting, kan dette vere noko av årsaka til at ein relativt stor del kjenner på einsemd.

Det er mange hus utan folkeregistrerte busette i kommunen. Det kan ha ein negativ påverknad på grendelaga ved at bidrag inn i lokalmiljøet bli redusert og et mogleg manglande vedlikehald. Det kan også verke negativt inn på bustadmarknaden at desse husa ikkje er tilgjengelege for dei som ønskjer å flytte til.