Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024

  1. 1 Befolkning
    1. 1.1 Befolkningsutvikling
    2. 1.2 Innvandring
    3. 1.3 Flytting
    4. 1.4 Prognosar
      1. 1.4.1 Befolkningsframskriving
      2. 1.4.2 Fødselsbalanse og nettoflytting
    5. 1.5 Oppsummering
  2. 2 Bustad og hushaldningar
    1. 2.1 Bustadstatistikk
    2. 2.2 Hushaldningar
    3. 2.3 Bustader i bruk
    4. 2.4 Oppsummering
  3. 3 Areal og natur
    1. 3.1 Arealrekneskap
    2. 3.2 Plante- og dyreliv
    3. 3.3 Vatn
    4. 3.4 Forureining
    5. 3.5 Oppsummering
  4. 4 Klima
    1. 4.1 Utslepp klimagassar
    2. 4.2 Klimagassreduksjonar
    3. 4.3 Klimatilpassing
    4. 4.4 Oppsummering
  5. 5 Mobilitet
    1. 5.1 Trafikktryggleik
    2. 5.2 Kollektivtransport
    3. 5.3 Digital infrastruktur
    4. 5.4 Infrastruktur el-bilar
    5. 5.5 Oppsummering
  6. 6 Utdanning og kompetanse
    1. 6.1 Grunnskulen - elevtal
    2. 6.2 Grunnskulepoeng
    3. 6.3 Nasjonale prøver
    4. 6.4 Skulebidragsindikator
    5. 6.5 Læringsmiljø
    6. 6.6 Spesialundervisning
    7. 6.7 Vidaregåande opplæring
    8. 6.8 Utdanningsnivå
    9. 6.9 Kompetansebehov
    10. 6.10 Oppsummering
  7. 7 Oppvekst og levekårsforhold
    1. 7.1 Risikogrupper for låginntekt
    2. 7.2 Barnehage
    3. 7.3 Skulebeskyttelse
    4. 7.4 Nærmiljø
    5. 7.5 Sosial deltaking
    6. 7.6 Barnevern
    7. 7.7 Oppsummering
  8. 8 Arbeidsliv
    1. 8.1 Sysselsetting
    2. 8.2 Inntekt
    3. 8.3 Likestilling og inkludering
    4. 8.4 Arbeidsledigheit
    5. 8.5 Sjukefråver
    6. 8.6 Stønader frå NAV
    7. 8.7 Utanforskap frå arbeidslivet
    8. 8.8 Oppsummering
  9. 9 Næringsliv
    1. 9.1 Næringsstruktur
    2. 9.2 Verksemder og føretak
    3. 9.3 Tilsette i Bygland
    4. 9.4 Pendling
    5. 9.5 Oppsummering
  10. 10 Kultur og fritid
    1. 10.1 Kulturtilbod og kulturaktivitet
    2. 10.2 Frivilligheit
    3. 10.3 Fritidstilbod
    4. 10.4 Kulturskule
    5. 10.5 Idrettsaktivitet og anlegg
    6. 10.6 Kulturminnevern
    7. 10.7 Oppsummering
  11. 11 Helse
    1. 11.1 Livskvalitet og psykisk helse
      1. 11.1.1 Sosial støtte
      2. 11.1.2 Einsemd
      3. 11.1.3 Psykiske plager og lidingar
      4. 11.1.4 Demens
      5. 11.1.5 Vener
      6. 11.1.6 Foreldrerelasjon
    2. 11.2 Helserelatert åtferd
      1. 11.2.1 Fysisk aktivitet
      2. 11.2.2 Skjermtid
      3. 11.2.3 Kosthald
      4. 11.2.4 Rusmiddel
      5. 11.2.5 Tobakk
    3. 11.3 Vald, sjølvskading og overgrep
      1. 11.3.1 Sjølvskading
      2. 11.3.2 Sjølvmord
    4. 11.4 Helsetilstand
      1. 11.4.1 Levealder
      2. 11.4.2 Eigenvurdert helse
      3. 11.4.3 Tannhelse
      4. 11.4.4 Diabetes
      5. 11.4.5 Overvekt
      6. 11.4.6 Kreft
      7. 11.4.7 Muskel- og skjelettplager
      8. 11.4.8 Ulykker
      9. 11.4.9 Drukning
      10. 11.4.10 Trafikk
      11. 11.4.11 Fall
    5. 11.5 Helsetenester
      1. 11.5.1 Barnevaksinasjonsprogrammet
      2. 11.5.2 Influensavaksinerte over 65 år
      3. 11.5.3 Bruk av helsetenester
      4. 11.5.4 Framtidig helsebehov
      5. 11.5.5 Oppsummering
  12. 12 Kjelder

5 Mobilitet

Bygland har høg andel menneske som nyttar privatbil, og færre som reiser kollektivt og syklar i forhold til landsgjennomsnittet.  

5.1 Trafikktryggleik

Arbeidet med trafikktryggleik rettar seg etter nullvisjonen; det skal ikkje førekome ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsystemet. 


 Figur 18 Talet på drepne og hardt skadde i Bygland 1999-2022 Kjelde: Agdetall.no/SSB 

5.2 Kollektivtransport

Kollektivtrafikken skal gi god mobilitet til alle. Økonomiske ressursar sett rammer for kva for mobilitetstilbod Agder kollektivtrafikk (AKT) kan gi. Ungdata i Agder (2022) syner at 22% av elevane ved Bygland ungdomsskule synest at kollektivtilbodet der dei bur er bra. 


Figur 19 Prosentdel av elevar i ungdomsskulen som synest at kollektivtilbodet der dei bur er bra 2022 Kjelde: Agdertall.no/Ungdataundersøkinga 2022 

Talet på påstigningar i Bygland har vore stabilt dei siste fem åra, med ein nedgang i 2020. Årsaka til det er truleg covid19-pandemien. 

5.3 Digital infrastruktur

Det Digitale Agder (DDA) er eit samarbeidsprosjekt mellom Agder fylkeskommune og kommunane i Agder. Formålet er å fremje utbygging av digital infrastruktur, og skaffe deltakarane gode avtalar for telefoni og breibandkapasitet. Bygland har saman med dei andre Setesdalskommunane hatt stort fokus på utbygging av digital infrastruktur for innbyggjarane og med tanke på beredskap. Kommunane har samarbeidd om stamnettet og gjeve tilskot til etablering av fiberbreiband til husstandane. Figur 17 syner at kommunen har høg breibanddekning. 

 

 

 

 

 

 

 

 


Figur 20 Breibanddekning husstandar i Bygland 2023 Kjelde: Agdertall.no/Nkom

5.4 Infrastruktur el-bilar

Utskifting til meir energieffektive køyretøy, større del elbilar og krav frå mynda har gitt ein stadig høgare innblanding av biodrivstoff som har redusert utsleppa frå denne sektoren betrakteleg. 
Å bytte ut den fossile bilparken med elektriske køyretøy har mange fordelar: Kutt i klimagassutslepp, reduserte kostnadar til drivstoff, forsikringar og avgifter, mindre støy og mindre lokal forureining. 
Nesten halvparten av bensin- og dieselbilistane oppgir hurtigladarutfordringar som ein grunn til å ikkje velje elbil. Bygland har relativt få ladepunkt med tanke på gjennomgangstrafikk og turisme.
 

 

 

 

 

 

 




Figur 21 Utvikling av talet på el-bilar i Bygland Kjelde: Agdertall.no/SSB

 

 

 

 

 

 



Figur 22 Talet på ladepunkt for el-bilar fordelt på kommunar i Agder Kjelde: Agdertall.no/Nobil.no

5.5 Oppsummering

I Bygland som har lite kollektivtransport, må det bli vidareutvikla løysingar som gir god mobilitet.
Regionplan Agder 2030 har som målsetting at klimagassutslepp frå samferdsel skal bli kutta med 50% samanlikna med 2005. Desse klimamåla kan ikkje bli nådd utan ein godt utbygd ladenettverk.
Agder fylkeskommune har som mål å doble sykkelandelen frå 2 til 4 %, og å auke gåandelen frå 12 til 14 %. Dette er ambisiøse mål ut frå geografi.
Gode mobilitetstilbod til ungdom i nærområdet er viktig for trivsel og tilhøyrsle. Kor nøgd ungdom er med kollektivtilbodet er noko av det som varierer aller mest mellom tettstadane i Ungdata. Dette viser at kommunane og fylkeskommunane kan gjere mykje for å legge til rette for ungdommar sin trivsel.