Psykisk helse og rus

Psykisk helse og rus kan tilby hjelp og støtte til vaksne menneske.

Vi kan tilby:

  • Individuelle samtalar
  • Heimebesøk
  • Koordinering av ulike tenester - som ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte
  • Individuell plan for dei som har samansette behov
  • Hjelp til å ivareta eiga helse gjennom følgje til lege, tannlege og andre offentlege tenester
  • Ein gjev og hjelp til oppstart av behandling i spesialisthelsetenesta
  • Hjelp til å meistre det å bu i eigen bustad
  • Støtte og samarbeid med pårørande når brukar ynskjer det

Dagtilbod

På Byglandsfjord har kommunen eit dagtilbod på torsdagar for menneske med psykiske lidingar. Det er eit lågterskeltilbod som har som målsetting å hjelpe til med å få folk ut av isolasjon. Tilbodet består av sosialt samvær, enkle hobbyaktivitetar, fysisk aktivitet, turar og eit formiddagsmåltid.

Tenesta er gratis, men ein betalar for mat og kaffi.

Transport til dagtilbodet blir avtalt etter behov.

Om ein ynskjer hjelp frå psykisk helse og rustenesta, kan ein søke sjølv, eller bli henvist av spesialisthelsetenesta eller fastlege.

Treng du individuell plan/koordinerte tenester? Ta kontakt med Leif Sigurd Helle på telefon 950 52 813.
 

Kva kan eg få hjelp til?

Hjelpen kan innehalde eitt eller fleire av punkta under:

  • bistå brukarar med å koordinere samansatte omsorgs- og tenestebehov
  • Motivere brukar til deltaking på ulike aktivitetar
  • Motivere brukar til å etablere eller oppsøke sitt sosiale nettverk
  • Støtte- og/eller rettleiingssamtalar til rusmestring
  • Nettverksmøte
  • Hjelp til administrering av medisin
  • Ein gjev hjelp til oppstart av utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesten

Rusomsorg blir ytt av helse- og sosialfagleg personell.

Slik søker du:

Du søker rusomsorg ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.

Søk om helse- og omsorgstenester

Kan du ikkje søke om helse- og omsorgstenester elektronisk? Du finn papirsøknaden her. (PDF, 173 kB)

Papirskjemaet sender du ferdig utfylt og signert til:

Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland

Det er ingen søknadsfrist. Vi behandler søknadane fortløpande.

Nasjonale pakkeforløp for psykisk helse og rus

Målsetjinga med Pakkeforløp for psykisk helse og rus er:

  • auka brukarmedverknad og tilfredse brukarar
  • samanhengande og koordinerte pasientforløp
  • unngå unødig ventetid for utgreiing, behandling og oppfølging
  • likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kvar i landet dei bur
  • betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar

Forløpet skal tilpassast pasienten sin situasjon , ønskjer og behov. God informasjon og forutsigbarhet for pasient og pårørande skal sikrast gjennom heile forløpet.

Alle pakkeforløpa inneheld omtale av kontaktpunkt og oppfølging i kommunane og ivaretaking av somatisk helse og levevanar.

Psykiske lidingar - pakkeforløp barn og unge

Psyksike lidingar - pakkeforløp vaksne

Rusbehandling (tverrfagleg spesialisert rusbehandling - TSB) - pakkeforløp

Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar hos barn, unge og vaksne - pakkeforløp

Spiseforstyrrelsar hos barn og unge - pakkeforløp

Somatisk helse- og levevanar ved psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem

Mestringsverktøy - Assistert Selvhjelp

Bygland kommune kan tilby Assistert Selvhjelp som er eit gratis meistringsverktøy. Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med Silje Christine Stangvik på e-post: silje.stangvik@bygland.kommune.no eller på telefon 977 50 026

Dagtilbod

På Byglandsfjord har kommunen eit dagtilbod for menneske med psykiske lidingar. Dette er kvar torsdag. Det er eit lågterskeltilbod som har som målsetting å hjelpe til med å få folk ut av isolasjon. Tilbodet består av sosialt samvær, enkle hobbyaktivitetar, fysisk aktivitet, turar og eit formiddagsmåltid.

Tenesta er gratis, men ein betalar for mat og kaffe. Transport til dagtilbodet blir avtalt etter behov.