Bli støttekontakt

Ein støttekontakt bidreg til at personar med ulike utfordringar får ei meiningsfull fritid og eit meir sosialt liv.

Kven kan bli støttekontakt?

  • Du må ha fylt 18 år.
  • Du må vere påliteleg, omgjengeleg og lyst til å bidra til at andre får ei meiningsfull fritid.
  • Du må vere sosial og ha evne til å sette i gong aktivitetar.
  • Det er ingen krav til fagleg utdanning, men vi legg stor vekt på om du er personleg eigna.
  • Vi krev politiattest frå alle nye støttekontaktar.

Interesser, alder, kjønn og personlegheit er viktig når vi skal velge rett støttekontakt til brukarane våre. Når du søker vil vi difor gjerne vite mest mogleg om kva du likar å gjere.

Slik søker du

Du søker ved å fylle ut det elektroniske skjemaet under.

Søk om å bli støttekontakt

Kva skjer vidare?

Er du ein av støttekontaktene vi ser at vi har behov for, vil vi ta kontakt. Det vil variere kor lang tid det tar før du får tilbod om oppdrag ut i frå vårt behov og dine kriterie.