Den overordna målsettinga for rustenesta er å legge til rette for tiltak for ei vellykka rehabilitering, ut i frå føresetnadane, ønskje og mål til kvar enkelt person, og med dette bidra til å oppretthalde eller finne tilbake til størst mogleg grad av eigenmestring.
Kven kan få hjelp?
Rusoppfølging og/eller helsehjelp blir gitt etter søknad til personar over 18 år, som har behov for støtte, hjelp og bistand på grunn av rusavhengigheit etter eit eller fleire av desse kriteria:
- Nedsett fungering i dagleglivet
- Langvarig, moderat eller alvorleg rusavhengigheit
- Funksjonsfall (brått ikkje klarer å fungere som normalt) på grunn av mildare eller kortvarige rusproblem som krev profesjonell hjelp over ein tidsperiode
- Motivert for endring og ein betringsprosess
Ved akutt sjukdom
Kontakt din fastlege eller legevakta på telefon 116 117
Ved livstruande tilstandar, ring 113
Er du under 18 år?
Skulehelsetenesta er rette kontaktpunkt for deg som er under 18 år.
På nettsida til Alarmtelefonen for barn og unge - 116 111 finn du mykje god informasjon om ulike tema og ikkje minst nokon du kan tale med.
Kva kan eg få hjelp til?
Hjelpa kan bestå av eitt eller fleire av punkta nedanfor:
- Bistå brukar med å koordinere samansette omsorgs- og tenestebehov.
- Motivere brukar til deltaking på ulike aktivitetar.
- Motivere brukar til å etablere eller oppsøke sitt sosiale nettverk.
- Støtte- og/eller rettleiingssamtalar til rusmestring.
- Nettverksmøte
- Hjelp til administrering av medisin.
Rusomsorg blir ytt av helse- og sosialfagleg personell med spesialisering innan psykisk helse og/eller rus.
Slik søker du
Du søker rusomsorg ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.
Søk om helse- og omsorgstenester
Det er ingen søknadsfrist og søknadane blir handsama fortløpande.
Nasjonale pasientforløp for psykisk helse og rus
Pasientforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, eventuelt pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.
Pasientforløp utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne
Pasientforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Meir informasjon finn du på nettsida til Helsedirektoratet - Pasientforløp for psykisk helse og rus
LAR
LegemiddelAssistert Rehabilitering er eit tilbod for personar som har vore avhengige av opoidar over lang tid. Personen får tilbod om å bruke legemidlar som Metadon eller Subutex i staden for illegale rusmidlar., i tillegg til psykososial støtte. Formålet er å bidra til at personen blir motivert til auka livskvalitet og mestring av sin livssituasjon når annan rehabilitering ikkje lykkast.
LAR er ikkje eit kommunalt tilbod, det kjem inn under spesialisthelsetenesta. Dersom du ønskjer å delta i LAR-programmet kan vi hjelpe deg med henvisning til rette instans.