Kven kan få hjelp?
Vi gir psykisk helsehjelp til personar over 18 år, som har behov for støtte, hjelp og bistand på grunn av psykiske helseproblem etter ein eller fleire av desse kriteria:
- Nedsett fungering i dagleglivet.
- Langvarig, moderat eller alvorleg psykisk helseproblem.
- Funksjonsfall (brått ikkje klarer å fungere som normalt) grunna mildare eller kortvarige psykiske helseproblem som krev profesjonell hjelp over ein tidsperiode.
- Motivert for endring og ein betringsprosess.
Du må søke for å få denne hjelpa.
Ved akutt sjukdom
Kontakt fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117. Ved livstruande tilstandar, ring 113.
Er du under 18 år?
Skulehelsetenesta er rette kontaktpunktet for deg som er under 18 år.
På nettsida til Alarmtelefonen for barn og unge - 116 111 finn du mykje god informasjon om ulike tema og ikkje minst nokon du kan tale med.
Kva kan eg få hjelp til?
Psykisk helsehjelp kan bestå av eitt eller fleire av punkta under:
- Bistå brukar med å koordinere samansette omsorgs- og tenestebehov.
- Motivere brukar til å vere med på ulike aktivitetar.
- Motivere brukar til å etablere eller oppsøke sitt sosiale nettverk.
- Støtte- og/eller rettleiingssamtalar.
- Nettverksmøte.
- Hjelp til administrering av medisin.
Psykisk helsehjelp blir ytt av helse- og sosialfagleg personell med spesialisering innan psykisk helse og/eller rus.
Nasjonale pasientforløp for psykisk helse og rus
Pasientforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, eventuelt pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.
Pasientforløp utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne
Pasientforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Meir informasjon finn du på nettsida til Helsedirektoratet - Pasientforløp for psykisk helse og rus
Slik søker du:
Du søkjer om psykisk helsehjelp ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.
Søk om helse- og omsorgstenester
Det er ingen søknadsfrist og søknadane blir handsama fortløpande.