Kva er ein reguleringsplan

Ein reguleringsplan er kommunen sitt verktøy for å styre utviklinga av eit område. Korleis skal vi bu? Kor skal vi ha friområde og leikeområder? Kor skal det vere næringsområde?

Ein reguleringsplan er ein politisk vedtatt plan over eit avgrensa område. Planen bestemmer korleis du kan bruke området, og hva du kan bygge der. Han består av eit kart med reguleringsføresegner, planomtale, risiko- og sårbarhetsanalyse og andre fagutgreiingar og illustrasjonar som er nødvendige for den enkelte planen.

Føresegnene seier kva du kan gjere og ikkje på ein eigedom. Dei gir informasjon om kva for formål eigedomen har, for eksempel bustad, friområde eller veg, og kor høgt og stort du kan bygge. Visst du planlegg å bygge, rive eller grave, må du undersøkje kva for reguleringsplan som gjeld for eigedomen eller om det er kommuneplanen sin arealdel som gjeld.

Sjå kva for plan som gjeld for eigedomen din

Ulike typar reguleringsplanar

Det er to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering

Områderegulering
Områderegulering blir i utgangspunktet laga av kommunen. Han styrer utviklinga i eit større område, slik som for eksempel Ose bygdelag og Presteneset. Kommunen kan overlate til private eller andre mynde å lage områdereguleringar. Dette betyr at dei står for heile eller delar av det planfaglege arbeidet innanfor dei rammene kommunen bestemmer, og dekker kostnadane ved dette heilt eller delvis.

Detaljregulering
Detaljregulering kan kommunen eller private utbyggjarar/initiativtakarar lage. Dette er ei plantype som blir brukt for følgje opp det som er bestemt i kommuneplanen sin arealdel eller i områderegulering. Detaljreguleringar tar for seg mindre område eller enkelte tomter, og gir ofte meir spesifikke og detaljerte føringar for kva du kan bygge.

Sjå kva planar som gjeld eller er under utarbeiding i kommunen

Når må ein lage ny reguleringsplan?

Det må føreligge ein reguleringsplan:

  • før det blir gitt tillating til større bygge- og anleggsarbeid.
  • før det blir gitt tillating for andre tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn.
  • der det er sett krav om reguleringsplan i kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan eller områderegulering.
  • når kommunen finn behov for å sikre ein forsvarleg planavklaring som grunnlag for å gjennomføre bygge- og anleggstiltak, fleirbruk og vern.

Både kommunen, privatpersonar, utbyggjarar, organisasjonar og andre mynde kan fremme forslag til detaljreguleringar, men det er fagkunnige som må lage planforslaget.

Her finn du meir informasjon om korleis du går fram