Etter fylkesutvalet si politiske behandling av høyringsuttala har Agder fylkeskommune motsegn til 3 område og Statsforvaltaren i Agder har motsegn til 4 område. To av motsegnene er samanfallande. I etterkant av høyringsfristen kom det inn eit innspel om å tilbakeføre eit område avsett til fritidsbustadområde til LNF-område. Innspelet vart vurdert som enkelt å ta inn i revideringa etter 1. gongs høyring, og er difor tatt med sjølv om det kom inn etter fristen. Sjå vedlegget Høyringsuttale – Knut T. Haugen.
Takk til alle for gode innspel med mål om å gjere planforslaget så godt som råd. Kommunedirektøren si vurdering og anbefaling av motsegn, faglege råd og innspel vil gå fram av saksdokumenta når saka blir fremma for politisk behandling i kommunestyret
PMR si vurdering av høyringsuttalane i møte 03.10.2023
Plan-, miljø- og ressursutvalet (PMR) er styringsgruppe for revidering av arealdelen. Styringsgruppa har hatt to møte etter at høyringsperioden.
- 25.09.23 - Styringsgruppa gjekk gjennom høyringsuttalane og gjorde ei vurdering av desse. Dei utsette vurdering av uttale frå Bygland IL ang område til endurobane.
- 03.10.23 – Styringsgruppa gjorde ei vurdering av uttala frå Bygland IL ang område til endurobane. Dei endra i tillegg vurderinga av motsegna frå Agder fylkeskommune og Statsforvaltaren i Agder gjeldande nytt bustadområde på Frøysnes. I tillegg gjorde dei ei vurdering av seint innkome innspel om tilbakeføring av område til LNF for eigedom 30/2 på Haugemonen.
PMR gjorde vedtak av vurderingar av høyringsuttalane i møte 03.10.23.
Vedtaket med saksframlegg finn du under.
Saksprotokoll - Behandling av uttalar etter 1. gongs høyring (PDF, 241 kB)
PMR sine vedtekne vurderingar finn du i dokumentet under.
Høyringsuttalar med styringsgruppa si vurdering (PDF, 196 kB)
Vidare politisk behandling av kommuneplanen sin arealdel blir overført til ny kommunestyreperiode.
Innkomne høyringsbrev etter 1. gongs høyring
- Agder fylkeskommune (PDF, 7 MB)
- Bygland IL motorsport (PDF, 9 MB)
- Direktoratet for mineralforvaltning (PDF, 117 kB)
- Geir Skjevrak (PDF, 919 kB)
- Gro Tove Frafjord Sandnes (PDF, 192 kB)
- Gunnar Harstad (PDF, 89 kB)
- Knut T. Haugen (PDF, 517 kB)
- Kristin Straume (PDF, 92 kB)
- Margit Løyland (PDF, 117 kB)
- Mattilsynet (PDF, 152 kB)
- Nei til vindraft i Setesdal (PDF, 55 kB)
- NVE (PDF, 43 kB)
- Reiårsvatn velforeining (PDF, 583 kB)
- Statens vegvesen (PDF, 59 kB)
- Statsforvaltaren i Agder (PDF, 110 kB)
- Tarald Simonstad Kvaale (PDF, 87 kB)
- Torbjørn Haugen (PDF, 109 kB)
- Torhild Austad m. fleire (PDF, 63 kB)
- Verneområdestyret SVR (PDF, 206 kB)
- Villreinnemnda for Setesdalsområdet (PDF, 201 kB)
Dialogmøte og mekling
Agder fylkeskommune fremma motsegn til 3 område og Statsforvaltaren i Agder fremma motsegn til 4 område. To av motsegna var samanfallande.
Alle motsegna var grunngitt med konflikt med nasjonale mål om ivaretaking av dyrka mark.
Formålsområde | Agder fylkeskommune | Statsforvaltaren i Agder |
KBA01 Austadneset | motsegn | motsegn |
B03 Sandnes | motsegn | motsegn |
B04 Vassend | | motsegn |
B05 Frøysnes | | motsegn |
NÆ02 Bø | motsegn | |
Du kan finne formålsområda i kartløysinga her:
Her finn du kommune si innsynsløysing med digitalt plankart og digitale temakart.
Dialogmøte
Det vart gjennomført dialogmøte mellom kommunen og Agder fylkeskommune 9. februar 2024. Resultatet av dialogmøtet var at Bygland kommune stadfesta at motsegna til område B03 Sandnes blir tatt til følgje etter ei samla vurdering av samfunnsnytte. Agder fylkeskommune trekte motsegna til område NÆ02 Bø med føresetnad at næringsområdet blir avgrensa til 500 m2. Området KBA01 Austadneset gjekk vidare til mekling.
Referat frå dialogmøte med Agder fylkeskommune (PDF, 126 kB)
Det vart gjennomført dialogmøte mellom kommunen og Statsforvaltaren i Agder 16. februar 2024. Resultatet av dialogmøtet var at Bygland kommune stadfesta at motsegna til område B03 Sandnes blir tatt til følgje etter ei samla vurdering av samfunnsnytte. Statsforvaltaren trekte motsegna til B04 Vassend grunna tidlegare disponeringar som er gjort i området med frådeling og oppmåling. Områda KBA01 Austadneset og B05 Frøysnes gjekk vidare til mekling.
Referat frå dialogmøte med Statsforvaltaren i Agder (PDF, 128 kB)
Trekking av motsegn til B04 Vassend (PDF, 184 kB)
Meklingsmøte
Det vart gjennomført felles meklingsmøte 17. april 2024 med alle tre partane som resulterte i ei omforeint løysing av dei to områda som gjekk til mekling, KBA01 Austadneset og B05 Frøysnes. Motsegna til KBA01 Austadneset vart trekt med føresetnad om at området vart delt i to med ulike arealformål og føresegner som spesifisert i meklingsprotokollen. Motsegna til B05 Frøysnes vart tatt til følgje med protokolltilførsel om at det kan bli gjort ei ny vurdering av området når reguleringsplan for rv9 på Frøysnes er vedtatt.
Protokoll frå meklingsmøte (PDF, 303 kB)
Politisk behandling
Kommunestyret vedtok meklingsresultatet 19. juni. Meklingsresultatet må også opp til politisk behandling i fylkeskommunen. Det skal etter planen skje i september. Vi kan difor ikkje seie at meklingsresultatet er endeleg fastsett før fylkesutvalet har behandla saka.
Saksprotokoll Vedtak av meklingsresultat av kommuneplanen sin arealdel (PDF, 152 kB)
Særutskrift - Fylkesutvalet si handsaming av meklingsprotokoll og referat frå dialogmøte (PDF, 426 kB). Med dette er meklingsresultatet endeleg fastsett.