Innkjøpsreglement

4 Kommunen sine miljøkrav

  1. Dei følgjande miljøkrava gjeld berre for anskaffingar over kr 100.000 ekskl. mva.
  2.  Ved planlegging av den enkelte anskaffing vert det teke omsyn til anskaffinga sine livssykluskostnadar og miljømessige konsekvensar.
    1. I alle anskaffingar vert det stilt miljøbaserte kvalifikasjonskrav (leverandøren sine tekniske og faglege kvalifikasjonar). Dette kan dokumenterast i form av eit tredjepartsgodkjent miljøstyringssystem, eller ved at tilbydar svarar på ei miljøerklæring.
    2. Miljøomsyn skal, der det er mogleg og relevant for anskaffinga, og der det er praktisk mogleg og ikkje medfører openbare ulemper, inngå som eit tildelingskriterium. Miljøkriteriet bør i så fall vektast med minimum 30 % av total vekting. Miljøkriteriet vert vurdert etter leverandøren sine utsleppsnivå.
    3. Miljøkrav skal, der det er relevant for anskaffinga, innarbeidast i kravspesifikasjonar, normer og beskrivingar. Produkt med positiv miljømerking, miljøvaredeklarasjonar eller liknande skal omtalast der det er relevant.
  3. Miljøkrav skal vere leverandørutviklande og gi tydelege signal til leverandørane om at miljøtilpassing er eit kundekrav. 
    1. bygland kommune stiller krav til leverandørene sine miljøkvalifikasjonar og prestasjonar, herunder miljøsertifiseringar, eventuelt svar på miljøerklæring.
  4. Bygland kmmune skal tilstrebe kostnads- og miljøeffektive anskaffingar, det vil seie anskaffingar som gir høg grad av behovstilfredsstilling og samtidig låg miljøbelastning gjennom heile livsløpet. I tilfelle kor miljøomsyn ikkje vert innarbeida på grunn av budsjettmessige forhold, skal dette grunngjevast. 
  5. Effekten av miljøtilpassa innkjøp skal kunne følgjast opp og målast. Dette skal skje ved årleg rapportering av nøkkeltal for miljøtilpassa innkjøp og ved evaluering av utvalte anskaffingar. 
  6. Der det er praktisk og økonomisk mogleg vert det stilt krav om nullutsleppsløysingar og fornybare materialar.  
  7. Planlegging og investeringar skal som hovudregel ta utgangspunkt i målet om å vere ein nullutsleppskommune i 2050.