Innkjøpsreglement

3 Formål og omfang

  1. Formålet med reglementet er å sikre at alle innkjøp (varer, tenester, bygge- og anleggskontraktar mv.) til Bygland kommune vert utført i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner om offentlege innkjøp. 
  2. Innkjøpa til kommunen følgjer prinsippa om konkurranse, likehandsaming og ikkje-diskriminering, forutsigbarheit, etterprøvbarheit og forholdsmessigheit. 
  3. Innkjøpa til Bygland kommune skal gjennomførast på ein slik måte at kommunen sine interesser vert ivaretekne best mogeleg på kort og lang sikt.
  4. Innkjøpsordninga skal vere rasjonell og gi ein effektiv utnytting av kommunen sine ressursar, samt skape tillit hjå tilsette, leverandørar og innbyggjarar.
  5. Innkjøpsordninga skal sikre at det er reell konkurranse på like vilkår ovanfor alle interesserte leverandørar.
  6. Kommunen sin internkontroll skal sikre at feil vert oppdaga og retta i tide.
  7. Kommunen skal vere transparent i forhold til alle offentlege innkjøp.
  8. Kommunen skal gjere innkjøp i tråd med god forretningsskikk, som igjen inneberer at den skal opptre profesjonelt, sakleg og forsvarleg, særleg med tanke på habilitet og konfidensialitet i forhold til Forvaltningslova. Her viser ein og til kommunen sine retningsliner for habilitet.
  9. Eit innkjøp kan ikkje delast opp for å omgå regelverket for offentlege anskaffingar. Ved einsarta varer, tenester eller bygge- og anleggskontraktar som kan føre til fleire enkeltkontraktar, skal den samla verdien av desse leggjast til grunn. Ein gjer likevel merksam på at ein funksjonell oppdeling av større prosjekt kan vere hensiktsmessig for å tiltrekke fleire tilbydarar, så framt oppdelinga ikkje er gjort for å omgå regelverket. 
  10. Under planlegging av det enkelte innkjøp skal det takast omsyn til livssykluskostnadar, universell utforming og miljømessige konsekvensar av innkjøp.
  11. Miljøaspektet og klimaaspektet vert teke omsyn til i samband med innkjøp. 
  12. Lokalt næringsliv vert prioritert så langt det er mogleg innanfor regelverket for offentlege anskaffingar, og så langt som det føreligg konkurransedyktige lokale alternativ, som har tilstrekkeleg kompetanse, f.eks. med omsyn tiltaksklassar etter plan- og bygningslova. Det er berre lukka anbodskonkurransar for anskaffingar opp til 1,3 mill. ekskl. mva. kor kommunen kan velje leverandørane som skal vere med i konkurransen.