Rettleiar for utarbeiding av private reguleringsplanar

2 Krav til planforslaget

Planforslaget skal vera utarbeidd av ein fagkunnig, jamfør pbl § 12-3. I dei tilfelle kor planforslaget ikkje tilfredsstiller krava for å kunna fremja saka direkte for politisk handsaming, vert planforslagett sendt i retur for utbetring.

Kommunen sin kravspesifikasjon for utarbeiding av reguleringsplanar skal nyttast. Av denne går det òg fram korleis dokumenta skal navngjevast.

2.1 Kart og sosi-format

Bakgrunnskartet som skal nyttast som underlag for framstilling av plandata kan ein bestille via Ambita eller av kommunen.

Planavgrensinga skal leverast i sosi-format før kunngjering av oppstart. Plankartet skal leverast i sosi- format etter gjeldande standard. Reguleringsplanen vert ikkje handsama før dette ligg føre. Etter at planen er godkjent skal planen sendast til kommunen med påført dato for vedtak. Sjå elles Forskrift om kart, stedfestet informasjon, arealformål og kommunalt planregister. Krav til innlevering av kart ligg òg i kommunen sin kravspesifikasjon.

2.2 Plannamn og plan-ID

Planen får tildelt plan-ID i referat frå oppstartmøte. Jamfør Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister kan planen ha følgjande fire former på plannamnet:

  • Områderegulering for…
  • Detaljregulering for…
  • Endring av reguleringsplan for…

Plannamnet fastsettjast i oppstartmøte. Plannamnet skal som hovudregel ikkje endrast undervegs, og det vert repetert på alle dokument og filnamn i saka.

2.3 Kunngjeringsannonse og oppstartsmelding

Planavgrensing i sosi-format skal leggjast ved utkast til kunngjering og sendast kommunen for kontroll. Forslagstillar har ansvar for å gjennomføra kunngjering og varsling ved oppstart. Kommunen legg inn planavgrensinga i sitt digitale planregister, og kunngjer oppstart på heimesida. Kommunen har eigen mal for oppstartsmelding og kunngjeringsannonse som kan nyttast.

2.4 Planframlegget

Planframlegget skal leverast til kommunen per e-post, og innehalde fylgjande dokument:

  • Planomtale som word- og pdf- fil.
  • Planføresegner som word- og pdf- fil etter Bygland kommune sin mal for reguleringsføresegner.
  • Plankart som pdf- fil, og sosi- fil til ein kvar tid gjeldande sosi-versjon.
  • Eventuelle rapportar og utgreiingar i pdf.
  • Kopi av varsel og kunngjering som er varsla jamfør varslingskart og varslingslister.
  • Kopi av merknader og merknadsskjema som oppsummerer alle merknader og gjer greie for korleis dei er ivaretatt. Kommunen sin mal for merknadsoppsummering skal nyttast.