Må eg sende inn byggesøknad?

Når du skal bygge eller gjere endringar på eigedomen din må du fylgje plan- og bygningslovgivninga.

Det betyr fyrst og fremst at nye tiltak, store eller små ikkje kan settast i gang dersom dei er i strid med gjeldande arealplan eller anna lovverk.

 

Før du skal sette i gang med tiltak må du finne ut kva arealplan som gjeld for di tomt, meir om kva plan som gjeld finn du her

Tiltaket må heller ikkje vere i strid med anna lovverk. 

Før du bygger uten å søke må du i tillegg til gjeldande arealplan passe på at:

  • Tiltaket ikkje kjem i konflikt med veglova sine byggegrenser mot offentleg veg 
    Meir informasjon om byggegrense mot offentleg veg (link til boks om byggegrenser mot offentleg veg)
  • Tiltaket ikkje kjem i konflikt med straumlinjer eller elektriske anlegg. 
    Informasjon om plassering av bygg nær straumlinjer eller elektriske anlegg
    Plassering av bygg | Agder Energi (aenett.no)
  • Tiltaket ikkje blir plassert over eller for nært vatn- og avlaupsleidningar som ligg i bakken.
  • Tiltaket ikkje kjem i konflikt med kjende kulturminner 
  • Tiltaket ikkje kjem i konflikt med registreringar i Naturbasen 
  • Tiltaket ikkje kan bli utsett for naturfare, slik som flaum, steinsprang, snøskred eller jord- og flomskredfare.

 

Tilhøvet til kjende kulturminner, registreringar i Naturbasen, mogleg naturfare og avstand til høgspentleidningar kan ein finne ved å bruke kommunekart HER