Før du bygger må du sjekke kva plan og føresegner som gjeld for di tomt.
Når du har funne ut kva planar som gjeld for di tomt må du sjekke om du må søke om byggeløyve. Her finn du ut om du må søke
Bygland kommune sitt planregister finn du her: arealplaner.no
Dersom du treng hjelp til å bruke kommunes planregister eller er usikker på kva plan som gjeld for ditt område kan du ta kontakt med oss i kommunen på post@bygland.kommune.no.
For at kommunen skal kunne hjelpe deg, må du oppgi gards- og bruksnummer eller adresse for eigedomen.
Dersom du har tomt i område der arealbruken er bestemt gjennom ein reguleringsplan og du planlegg å bygge noko som reguleringsplanen ikkje gir rom for, kan du du først endre reguleringsplanen. Informasjon om planendring finn du her:
Endre reguleringsplan
Nokre byggetiltak er så store at plan- og bygningsloven krev at du lagar reguleringsplan før du kan bygge, dette kan du lese meir om i plan- og bygningsloven § 12-1, 3. ledd https://lovdata.no/lov/2008-06-27-71/§12-1