Byggegrense mot vatn og vassdrag

Av fleire omsyn er det ikkje tillete å bygge for nærme vatn- og vassdrag.

I medhald av Plan- og bygningsloven § 1-8 er byggeforbod langs vatn og vassdrag i utgangspunktet 100 meter, med mindre det er fastsett anna byggegrense i plan.

Bygland kommune har i kommuneplanen sin arealdel for Bygland 2011 – 2022, 

Kap. 4, fylgjande føresegner og retningslinjer om byggegrenser langs vatn og vassdrag i Bygland.

  •        Otra nord for Ose bru: 50 m
  •        Otra sør for Ose bru: 75 m
  •        Område for verna vassdrag: 100 m (Njardarheim og Tovdalsvassdraget)
  •        Andre mindre vassdrag: 30 m (bekk som kjem fram på kart i målestokk 1:50 000)
  •        Off. veg – er byggegrense der offentlig veg ligg nærmare enn 75 meter

 

I regulert omåde kan det vere andre byggegrenser

For område der det er ein reguleringsplan, vil ofte byggegrensa mot vatn og vassdrag vise i plankartet eller gå fram av reguleringsføresegnene.

I regulert område gjeld byggegrense i plankart framfor den generelle byggegrensa i i kommuneplanen.

Kva plan som gjeld for ditt område finn du i Bygland kommune sitt planregister arealplaner.no

Dispensasjon frå byggegrense langs vatn- og vassdrag:

Dersom ein ønsker å bygge nærmare vatn og vassdrag enn byggegrense fastsett i kommuneplanen eller i reguleringsplan, kan ein søke om dispensasjon frå byggegrensa.

Generell informasjon om å søke om dispensasjon