Dispensasjon frå arealplan

Visst du ønskjer å gjere noko anna på ein eigedom enn det gjeldande arealplan legg opp til, kan du enten søke om dispensasjon eller søke om å endre reguleringsplanen

Ingen tiltak som gjeld bygge, rive eller endre bygning og anlegg, eller opprette ny eigedom eller endre eigedom kan ikkje setjast i gong dersom tiltaket er i strid med plan- og bygningsloven, forskrift, arealplan eller anna lovverk som gjeld for din eigedom.

Arealplan som gjeld for din eigedom finn du her arealplaner.no.

Dersom eit tiltak er i strid med lov, forskrift eller arealplan skal kommunen i utgangspunktet ikkje godkjenne tiltaket.

Eit godt alternativ til å søke om dispensasjon frå arealplan er å endre gjeldande arealplan, les meir om planendring her  Endre reguleringsplan - Bygland kommune.

Alle arealplanar og planendringar blir til gjennom ein prosess som sikrar medverknad frå naboar, private organisasjonar, offentleg mynde og andre med interesse i planområdet og det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak om arealplan.

Ein dispensasjon er eit unntak frå vedteken arealplan og er difor ikkje ei kurant sak.

Dersom ein likevel meiner å ha gode grunnar for at tiltaket skal bli godkjent utan å endre arealplan, kan du søkje om dispensasjon frå plan- og bygningsloven, anna lov, forskrift eller plan.

Kommunen kan gi dispensasjon dersom to vilkår er oppfylde:

  1. Omsyna bak føresegnene i arealplanen det blir dispensert frå eller plan- og bygningsloven si føremålsføresegn, ikkje blir vesentleg sett til side.
  2. Fordelane med å gi dispensasjon må vere klart større enn ulempene.

 

Dersom begge vilkår er oppfylde, kan kommune gjere ei skjønnsmessig vurdering av om det kan bli gitt dispensasjon eller ikkje.

Slik søkjer du om dispensasjon:

Det er mest hensiktsmessig å sende inn dispensasjonssøknad saman med søknad for sjølve bygge-, anleggs- eller deletiltaket, men du kan også søke dispensasjon uavhengig av dette.

Ein søknad om dispensasjon må innehalde:

  • Brev med opplysning om kva reglar du søkjer om dispensasjon frå og grunngjeving for å søke om dispensasjon. Grunngjeving må sannsynleggjere at dei to vilkåra for å gi dispensasjon er oppfylte
  • Dersom ein søknad om dispensasjon ikkje er grunngjeven kan kommunen avvise søknaden.
  • Dokumentasjon på at naboar er varsla om at du søker om dispensasjon og evt. merknader frå naboar.
    Situasjonsplan for byggesøknad i målestokk 1:500, påført eks. planeringshøgde og med avstandsmål til høgspentleidning, vatn- og avlaups-leidningar/anlegg, minste avstand til nabogrense, minste avstand til anna bygning, avstand til vatn/vassdrag og minste avstand til midten av veg.
  • Oversiktskart, målestokk 1:5000, evt. større, der tiltaket er avmerkt.

 

Situasjonsplan for oppretting av ny eigedom eller endring av eigedom, målestokk 1:500, påført relevante opplysningar slik som ny eigedomsgrense, avkøyrsel frå offentleg veg, parkering, osv.

Situasjonskart kan du også bestille på Infoland

Bygningsteikningar M 1:100 med mål, plan for alle etg., alle fasadar, snitt påført mønehøgde, gesimshøgde, takvinkel, med terrenglinjer og kotehøgde før og etter planering påført fasadane. Ved tilbygg er det viktig å markere kva som er eksisterande bygg og kva som er nytt tilbygg.

Tiltak må ikkje vere i strid med lov:

Tiltak må ikkje vere i strid med anna lovverk, som til dømes byggeforbodsgrenser langs offentleg veg, sikringssoner rundt og kjende kulturminner, naturmangfaldet. Tiltak må heller ikkje bli utsett for natrufare slik som flaum, snøskred, steinsprang og jord- og flaumskred.

Temakart finn ein på kommunens heimeside under kommunekart avansert

https://kommunekart.com/klient/setesdal/bygland

Saksgang  - når kommunen har fått inn komplett søknad om dispensasjon:

  • Bygland kommune innhentar førehandsuttale frå turvande lokale, regionale og statlege instansar. (Som til dømes Statsforvaltaren, Fylkeskommunen, Vegvesen, Villreinnemnda, NVE eller Brannvesen, Jordbrukssjef og skogbrukssjef)
  • Søkjar får førebels svar:
    • Om når ein kan forvente at saka vert handsama. 
    • Orientering om kven som skal gi førehandsuttale i saka.
  • Etter kvart som Bygland kommune får inn førehandsuttalar vil sakspartane få kopi av førehandsuttalane.
  • Når alle uttalar har kome inn, blir saka handsama i plan-, miljø- og ressursutvalet.
  • Etter at saka er handsama i plan-, miljø og ressursutalet får søkjar, sakspartar og instansar som har gjeve førehandsuttale melding om vedtaket.
  • Søkjar, sakspart eller instans som har gjeve førehandsuttale kan klage på dispensasjonsvedtaket innan 3 veker etter at melding om vedtak er motteke.
     

Gebyr for handsaming av dispensasjon  Du finn gebyret under “Testeyting Samfunnsutvikling”.

I tillegg til gebyr for dispensasjon, kjem sakshandsamingsgebyr for handsaming av sjølve tiltaket