Kommunal planstrategi

Kva er ein kommunal planstrategi?

I starten av kvar valperiode skal kommunen lage ein planstrategi. Dette følgjer av plan- og bygningsloven. Planstrategien skal beskrive utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter for kommunen og gi eit godt grunnlag for dei folkevalde i vidare planarbeid.

Planstrategien skal ta stilling til om gjeldande kommuneplan eller delar av denne skal bli revidert, eller om den skal bli vidareført utan endringar. 

Tidlegare planstrategiar har gått gjennom alle planar i kommunen og vurdert om det er behov for å revidere eller lage nye planar. Denne planstrategien gir ikkje ei vurdering av kommunen sitt totale planbehov. Kommuneplanen sin samfunnsdel vil gi viktige føringar for dette arbeidet. Derfor er det naturlig å ta stilling til planbehovet etter at samfunnsdelen er vedtatt.

Planstrategien er vedtatt av kommunestyret i møte 2. mai 2024.

Kommunal planstrategi for Bygland kommune 2024 - 2028 (PDF, 2 MB)

Vedlegg: