Barna sin representant i plansaker

Alle kommunar skal ha ei ordning slik at barn og unge blir ivaretatt særskilt i alle plansaker for å synleggjere deira interesser. Representanten skal sjå til at plan- og bygningsloven sine intensjonar om å sikre barn og unge gode oppvekstvilkår blir ivaretatt

Dette kan gjelde saker som blant anna handlar om barna sine leike- og opphaldsareal, skulevegar m.m.

Representanten skal vere barn og unge sitt talerøyr og delta under utarbeidinga av planar for å sjå til at deira interesser blir sikra i plan- og byggesaksbehandlinga.

Vår representant

I Bygland kommune er det Anette Hovstad som er barna sin representant i plansaker.

Saker som vedkjem barn og unge blir sendt til barna sin representant for uttale.

Plan- og bygningsloven

Barnerepresentant i plan- og bygningsloven er omtalt i kapittel §3-3.

"Kommunestyret skal sørge for å etablere en særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i planleggingen"

Kommunestyret står etter plan- og bygningsloven av 2008 friare til å delegere oppgåver og kompetanse som tidlegare låg i det faste utvalet for plansaker og barnerepresentant

Temarettleiar

Barnerepresentanten er barn og unge sin talsperson, og skal hjelpe med at barn og unge kjem direkte til orde i arealplanlegginga. Barnerepresentanten skal ivareta barn og unge sine rettar i planssaker, og skal sjå til at saksbehandling og vedtak er i tråd med Rikspolitiske retningsliner. 

Sjå Temaveileder: Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningsloven

Funksjonen som barnerepresentant

Funksjonen som barnerepresentant er heimla i Plan- og bygningslova sin § 3-3. Kommunestyret skal sørge for å etablere ei særskilt ordning for å ivareta barn og unge sine interesser i planlegginga.

Ordninga med barnerepresentant er også ein del av den norske tilrettelegginga for å oppfylle forpliktingane i FN sin barnekonvensjon, som blei ratifisert i 1991. Barnerepresentanten skal ha barnefagleg bakgrunn.

Barnerepresentanten er politisk uavhengig og ikkje plassert under kommunedirektør eller tenesteleiarar sin instruksmynde.

Møteplikt, talerett og rett til å stille forslag

Barnerepresentanten har møteplikt, talerett og rett til å stille forslag til kommunen sitt planutval.

Barnerepresentanten har rett til å få gjort protokollmerknadar, men har ikkje høve til å klage på vedtak. Lojaliteten skal ligge hos barn og unge og dei løysingar som best tener og ivaretar deira behov og interesser i arealplanar.

Barnerepresentanten skal bli gitt innsiktsmoglegheit og uttalerett i dei delar av planlegginga som blir behandla av det faste utvalet for plansaker, som

  • utbyggingsplanar
  • reguleringsplanar
  • kommuneplanen sin arealdel
  • kommuneplanen (inkludert økonomiplan/årsbudsjett)
  • kommunedelplanar (trafikktryggleik - idrett og friluftsliv m.m.)
  • saker som vedkjem barn og unge (friluftsliv, bumiljø, skular, barnehagar, trafikktrykkleik m.m.)

 

For å sikre deltaking skal barnerepresentanten få tilgong til sakspapira i god tid før møta og helst tidleg i oppstartsfasen av ein planprosess. Barnerepresentanten skal sjå til at kommunen gjer jobben sin i samsvar med rikspolitiske retningsliner for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga (RPR) og yte til at barn og unge kjenner rettane sine på ein slik måte at dei sjølv kan kome med innspel i planprosessar etter plan- og bygningslova.