Kjøp av kartdata

Bygland kommune nyttar Infoland® som hovudkanal for distribusjon av eigedomsinformasjon, kart og geodata til næringslivet. Tenesta er ikkje gratis.

Infoland® er ein marknadsplass på internett der kommunen tilbyr informasjonstilgong for eigedomsmeklarar, takstmenn og andre aktørar i bygg- og anleggsnæringa.

Her kan du kjøpe kart, eigedomsinformasjon, meklarpakkar, matrikkelbrev/målebrev, byggteikningar og anna.

Du får og tilgong til Eigedomsregisteret - EDR som inneheld den juridiske informasjonen i grunnboka og den tekniske nøkkelinformasjonen i Matrikkelen.

Infoland

 

 Kva må du gjere for å bruke Infoland®?

Løysinga blir administrert av Norsk Eiendomsinformasjon as.

For å bli avtalekunde må du inn på framsida på Infoland og trykke "Bli kunde". Når du har fylt ut registreringsskjemaet får du tilsendt brukarnamn og passord. Du får hjelp til å kome i gong ved å kontakte Norsk Eiendomsinformasjon sin kundeservice på telefon 24 13 35 50.