Kan vi nå deg?

Bygland kommune bruker varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggjarar i eit geografisk område om hendelsar via SMS

Kva tid blir systemet brukt?

Vi informerer våre innbyggjarar digitalt via SMS/talemelding/e-post ved når vi finn det hensiktsmessig. Det kan vere ved avstenging av vatn, stengde vegar, evakuering og andre forhold som krev rask informasjon.

Kan vi nå deg?

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. Dette er eit felles nasjonalt kontaktregister. Her anbefaler vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse. 
  2. www.varslemeg.no. Dette er eit tilleggsregister som du brukar dersom du vil ha varsel for ei adresse du ikkje er folkeregisterført på. Til dømes om du har hytte i Bygland, men bur ein annan stad.

Verksemder

Verksemder må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på www.varslemeg.no. Du kan registrere så mange telefonnummer du vil for kvar adresse.

Ofte stilte spørsmål:

Korleis fungerer varslinga?
Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefonar og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding blir lest inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga blir du beden om å taste: 1 - for å stafeste at du har oppfatta melding, 9 - om du ønskjer å høyre meldinga ei gong til.

Er mobilnummeret mitt registrert?
Så lenge du er registrert i "Kontaktregister for offentleg forvalting" på rett adresse er alt i orden. Denne oppføringa gjeld for den adressa du er registrert med i Folkeregisteret. Du kan sjekke oppføringa di ved å logge deg inn her: http://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?
Varsling24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du likevel ønskjer å få varsel frå din kommune, gjer ei tilleggsoppføring på varslemeg.no Kryss av for "hemmelig nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi bustadadresse?
varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ønskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad, dine foreldre sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer"
Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send"
Du mottek ein kode på sms. Denne bruker du for å logge deg inn.
Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Navn = den som bur på adressa du registrerer.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varlsa?
Alle einingar i eit burettslag eller sameige blir varsla om du er registrert i "Kontaktregister for offentleg forvaltning".

Korleis finn eg ut om mine foreldre si adresse er i ein kommune som brukar Varsling24?
Ta kontakt med den respektive kommune for å høyre om dei brukar Varsling24.

Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for?
varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover di offisielle bustadadresse som du er registrert med i "Kontaktregister for offentleg forvaltning". Slik gjer du:

Under "Tilleggsoppføring" klikker du "Legg til ditt telefonnummer"
Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send"
Du mottek ein kode på sms. Denne bruker du for å logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på mobilnummeret ditt.
Her kan du og slette adresser eller legge til fleire