Fiberutbygging

Kommunestyret har avsett midlar til vidare fiberutbygging. 

Det er ønskjeleg å bruke midlane slik at fleire område/nabolag skal få tilbod om fiberbreiband heilt inn til huset.  

Alle private fastbuande i Bygland kommune kan søke om anleggsbidrag etter dette reglementet. Ein kan i særskilde høve opne opp for å gi tilskot til fritidsbustader/bustader utan fast busetnad i bygder kor det er få fast busette. Dette vil bli handsama som eiga sak i formannskapet.

Vedtak frå kommunestyremøte 06.11.2014

“Kommunestyret godkjenner vedlagde reglement for kommunal tilskotsordning til fiberutbygging”

Reglement for støtte til fiberutbygging i Bygland kommune

Kommunestyrevedtak PS 75/14, 09.11.2014

 

Framgangsmåte ved søknad om støtte til fiberutbygging

  1. Dugnadsområde sine kontaktpersonar presenterer ei felles interesseliste til leverandør.
  2. Leverandør reknar ut kostnad knytta til ei tradisjonell utbygging. Kostnadsutrekninga 
    er rettleiande, og gir alle partar ein tanke om kva ein står ovafor.
  3. Med utgangspunkt i kostnadsutrekninga som er laga i punkt 2 kan leverandøren ta 
    eit møte med kontaktpersonen for området (lokalkunnskap er nøkkelen). Saman 
    kuttar ein ned på dei kostbare elementa i eit prosjekt (gravemaskin, felles føringar, 
    «øde traséar»). Det må også bli kartlagt kva ressursar som finns i området, og 
    som truleg kan brukast. Ein bør også på dette tidspunktet opplyse om eventuell hinder. 
  4. Leverandøren produserer ei ny utrekning og presenterer det nye reknestykket til 
    dugnadsområdet. Naudsynte justeringar blir utført i tett samarbeid mellom leverandør 
    og området sin kontaktperson.
  5. Du må søke om løyve til tiltak, jf. krav i Plan– og bygningsloven. Du søker til Bygland kommune som vil behandle søknaden og fatte vedtak.
  6. Definering av rollar i høve Plan– og bygningsloven:
    - Tiltakshavar: Dugnadsområde
    - Ansvarleg søkjar: Nettselskapet
    - Ansvarleg utførande: Nettselskapet
    1. Tiltaket må ikkje vere i strid med arealføremålet i kommuneplanen. Dvs skal det leggjast fiber i såkalla LNF – område, så krev dette dispensasjons-behandling av omsyn til å vurdere eventuelt sårbart naturmiljø eller freda kulturminne e . l i leidningstraseen. 
    2. Det er laga ei eiga sjekkliste i høve framgangsmåte og moment som tiltakshavar og ansvarleg søkjar må take omsyn til jf plan – og bygningsloven. Lenke til PBL 
    3. I LNF – område vatn og land skal det sendast skriftleg søknad om dispensasjon frå arealføremålet. I område avsett til t.d. bustadområde, er det ikkje nødvendig med dispensasjon frå arealføremålet. Kart som syner kabeltrasé skal leggjast ved i høve eventuell søknad etter plan– og bygningsloven og til søknad om økonomisk støtte, dersom området er regulert til anna enn LNF - føremål.
       
  7. Ved alle søknadar skal det leggjast ved skriftleg samtykkje frå alle grunneigarane 
    kabelen skal krysse. Dette samtykkje skal gi rett til legging og vedlikehald av 
    kabelen. 
  8.  Søknad om økonomisk støtte blir handsama etter at det føreligg positivt vedtak jf plan- 
    og bygningsloven sine reglar.   
  9. Kontaktperson frå den aktuelle grenda/området sender søknad til kommunen om
    økonomisk stønad til prosjektet basert på kostnadskalkyle i punkt 4 saman med vedtak 
    om legging av kabel jf. plan– og bygningslova. 
  10. Kommunen behandlar søknad om økonomisk støtte og gir tilbakemelding om 
    vedtak.
  11. Ferdig resultat blir presentert kundane i dugnadsområdet. Blir dette godteke, blir det 
    teikna kontrakt mellom leverandør og dei involverte partane, og arbeidet kan starte 
    opp. 
  12. Tilskottet blir utbetala til brukarane når vi har fått skriftleg erklæring frå 
    nettleverandør om at alle er tilkopla. Denne erklæringa skal også dokumentere reelle 
    kostnadar inkl. timar med dugnadsinnsats. 
     

Sjekkliste for planlegging av fiberkabel

Fiberutbygging - sjekkliste
Pkt Beskrivelse Kva kan ein få hjelp til av Bygland kommune
1 Trasé for felles kabel er bestemt 1. Kart i høveleg målestokk - på papir eller pdf. Pris jf. kommunal prisliste.
2. Oversikt over tilkoplingspunkt.
3. Oversikt over grunneigarar i felles kabeltrasé/området.
2 Planinnsyn Du kan bestille tid hos saksbehandlar.
3 Sjekke at tiltaket ikkje kjem i konflikt med t.d. kulturminne og registreringar i naturbasen Du kan bestille tid hos saksbehandlar.
4 Sjekke at tiltaket ikkje kjem i konflikt med andre kablar og leidningar i området. Ta kontakt med kommunen for å få oversikt over leidningar og kablar
5 Avtale om å legge og vedlikehalde felles kabel. (Om dette skal bli tinglyst på dei enkelte eigedomane, må kabeleigar vere ein juridisk person (org.nr) Dette er ein privatrettslet avtale som kommunen i utgangspunktet ikkje har noko med. Men krav for å få tilskot er at alle førte gruinneigarar har gitt samtykke til å legge og vedlikehalde felles kabel. Det er ikkje eit krav for å få tilskot at avtalen blir tinglyst. Tinglysingsgebyr er difor ikkje grunnlag for refusjonskrav.
6 Dersom tiltaket er i strid med gjeldande plan, må det bli søkt om dispensasjon Oversikt og adresse til dei som er aktuelle å innhente uttale frå. Eksempel: Kabel på land og i vatn: Agder fylkeskommune, Statsforvalteren si miljøvernavdeling og Statens vegvesen, region sør. Tillegg ved kabel i vatn: NVE, Otteraaens brugseigarforening, fiskebiologen
Søknad om økonopmisk støtte vil bli behandla etter at det er fatta positivt vedtak om legging av kabel, jf. Plan- og bygningsloven