Seksjonering

Definisjon

  • Ein seksjonering er ein søknad om å dele opp ein større bygning i fleire einingar. Fleire personar kan ha einerett til kvar sin brukseining i bygningen og at eigarar får einerett til å bruke bestemte delar av ein eigedom. Ein seksjonert eigedom er eit sameige.
  • Seksjonering eignar seg for oppdeling av bustadblokk, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med forskjellige brukarar av etasjane og liknande.
  • Kvar brukseining vil bli teikna opp og gitt sitt eige seksjonsnummer. Alle seksjonane kan bestå av ein hovuddel, for eksempel ein leiligheit, og ein eller fleire tilleggsdelar, som f.eks kan vere parkering eller bodar.
  • Kvar seksjon vil få sitt eige grunnboksblad når seksjoneringa er vorte tinglyst.
     

Korleis seksjonere

  • Situasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og busetnad.
  • Planteikningar over alle etasjar i bygningen. På teikningane skal brukseininga sitt areal og avgrensingar med forslag til seksjonsnummer og bruk av dei enkelte rom teiknast tydeleg.
  • Vedtektene til sameige (desse skal berre fylgje med begjæringa og skal ikkje tinglysast)

Har du ein urådigheit tinglyst på eigedomen, må den som står som eigar av denne samtykke til søknaden. Dersom du er usikker på dette med heftelser, kan du kontakte tinglysinga hjå Kartverket tlf: 32 11 88 00, eller sjekke dette sjølv på Se eiendom

Send inn søknad

Søknad med vedlegg blir sendt i to eksemplar med original signatur til :

Bygland kommune
Sentrum 18
4745 Bygland