Dele frå eigedom

Når du skal lage ein ny eigedom. må du først kontakte kommunen. Kommunen sørger for oppmåling av tomta og gir det eit eige gards- og bruksnummer i matrikkelen. Deretter blir det sendt melding til tinglysing

Slik søker du

Du søker om frådeling av eigedom ved å fylle ut søknadsskjema "Søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett.

Søk om frådeling

Dokumentasjon til søknad

Når du skal sende ein søknad om oppretting (deling) av eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å behandle søknaden din.

Dokumentasjon som må vere med søknaden

  • Nabovarsel
  • Situasjonskart
  • Rekvisisjon av oppmålingsforretning

Annan dokumentasjon som kan vere relevant for søknaden

  • Søknad om dispensasjon
  • Avkøyringsplan
  • Erklæring eller avtalar om vegrett, leidningar og naudsynt vedlikehald som går over andre eigedomar
  • Eventuelle erklæringar om at gjenverande eigedom (den opprinnelege eigedomen) gir frådelt (ny) eigedom rett til veg, vatn og avløpsleidningar og eventuelt vedlikehald må og bli lagt ved.