ArealoverføringKva er ei arealoverføring?Arealoverføring er overføring av areal mellom eigedomar med felles grense utan at arealet vert oppretta som ein eigen eigedom.Vilkår for arealoverføringDet må liggje føre eit delingsløyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova, og eventuelt jordlova.Det må liggje føre nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet.For mindre endringar av areal (inntil 5 %) vert det gjennomført som grensejustering.Krav til pantefråfall ved arealoverføring er dei same som ved samanslåing av eigedomar.Om det er tinglyst urådigheit på den avgjevande eigedomen, må samtykke frå rettigheitshavaren bli lagt ved.Ved arealoverføring mellom landbrukseigedomar, må det bli gitt samtykke etter jordlova § 12. I slike tilfelle må konsesjon eller eigenfråsegn om konsesjonsfritak følgje søknaden.Dokumentasjon til søknadNår du skal sende ein søknad om deling av eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for at vi kan behandle søknaden.Søknad om deling av grunneigedom: Søknad om deling (PDF, 128 kB)Vedlegg som må følgje søknaden:NabovarselSituasjonskartRekvisisjon av oppmålingsforretningVed arealoverføring mellom to eigedomar med ulik eigarar må skjemaet: Erklæring om arealoverføring fyllast ut og sendast med: SkjemaAnna dokumentasjon som kan vere relevant til søknaden:Søknad om dispensasjonErklæring eller avtale om vegrett, leidning, parkering eller liknande som vil kunne påverke sakaSend inn søknadSøknad med vedlegg kan du sende til kommunen på e-post; post@bygland.kommune.no eller pr. post:Bygland kommuneSentrum 184745 Bygland Publisert 13.07.2023 10:57 Sist endra 12.08.2024 14:34