Adresser

Adressetildeling

Bustadar, fritidsbustadar, næringsverksemnd, offentleg eller publikumsretta verksemd skal bli tildelt offisiell adresse frå den vegen bygningen har tilkomst frå.

Ei offisiell adresse består av vegnamn, husnummer og eventuelt bustadnummer dersom der er fleire bueiningar med felles inngang frå utsida av same bygning.

Eigedomar som ikkje er tildelt offisiell adresse har ei matrikkeladresse (gards- og bruksnummer), men desse vil det etterkvar bli færre av ettersom alle bygningar skal ha ei offisiell adresse.

Bygland kommune er adressemynde og tildelar nye adresser jf Matrikkellova.

Adresseendring

Kommunen kan endre adresser når det er naudsynt, ved f.eks:

  • Tilkomst til bygning vert endra.
  • Ved fortetting av bustadområde, hytteområde osv.
  • Når det er vanskeleg å finne fram.

Klage

Klage etter matrikkellova er avgrensa til:

  • Kva gate, veg eller liknande bygningen eller eigedomen skal ha adresse til.
  • Kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt.
  • Feil tildelt adressenummer eller bustadnummer.

Ein eventuell klage kan du sende skriftleg til Bygland kommune via e-post; post@bygland.kommune.no eller pr. post til:

Bygland Kommune
Sentrum 18
4745 Bygland