Tiltak på eldre bygg

Her finn du rettleiing til byggetiltak på eldre bygningar og anlegg

Tiltak på eldre bygningar og anlegg, slik som riving, flytting eller endring (tilbygg, ombygging ol.) på eldre bygningar må søkjast om og handsamast etter Plan- og bygningsloven.

I kartverket si innsynsløysing http://www.seeiendom.no/ finn ein opplysningar om eigedom og bygningar. I søkefeltet skriv ein gards-/bruksnummer, kommune - til dømes 1/1, Bygland.

Ved å trykke på linja BYGLAND 4220-1/1 får ein opp eit kart over eigedomen, og ein kan gå vidare å få opp adresse, bygningar og teigar. For å finne ut om ein bygning er registrert som kulturminne i SEFRAK-registeret kan ein velge bygningar, då får ein opp ei liste over bygningar som er registrert på eigedomen og dersom ein bygning er registrert som kulturminne i SEFRAK-registeret vil det i kolonna “Sefrak” stå ja.

Bygningane i SEFRAK-registeret er i utgangspunktet ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerar meir som eit varsko om at ein bør ta ei vurdering av verneverdien før det eventuelt blir gitt løyve til å endre, flytte eller rive bygningen.

For bygningar og anlegg frå før 1850, er det lovfesta i Kulturminnelova § 25 at ei vurdering av verneverdien MÅ gjerast før søknad om riving, flytting eller endring kan bli godkjent.

Saksgang for endring, flytting eller riving av bygning og anlegg frå før 1850 :

  • Eigar må søke kommunen om endring, flytting eller riving, jfr. Plan- og bygningsloven.
  • Kommunen sender søknaden til Agder Fylkeskommune v/Kulturminnevern og kulturisme som skal uttale seg om søknaden FØR kommunen fatter vedtak.
  • Kommunen skal melde alle endringar på bygningar og anlegg før 1850 til fylkeskommunen.

Dersom Fylkeskommunen ikkje har merknader til endring, flytting eller riving vert søknaden som hovudregel handsama etter delegert mynde av kommunedirektøren.

Kommunen kan gi løyve til endring, flytting eller riving sjølv om Fylkeskommunen tilrår at bygget eller anlegget bør vernast. Dersom Fylkeskommunen eller andre har merknader til endring, flytting eller riving vert søknaden handsama i Plan-, miljø- og ressursutvalet.

Eit godt råd, før tiltak på bygningar og anlegg frå før 1850, er å ta kontakt med Agder Fylkeskommune v/Kulturminnevern og kulturisme eller Bygningsvernsenteret i Setesdal før ein kjem for langt i planane om tiltak.  

Kontaktinformasjon:

Agder fylkeskommune: T: 38 05 00 00, E: postmottak@agderfk.no