Hjelp før du søker

Vi har generell rettleiingsplikt innafor byggesaksdelen av plan- og bygningsloven. Vi kan opplyse om krav og forutsetningar jfr. plan- og bygningsloven og dei ofentlege rammebetingelsane for tiltaket, lov, forskrift og arealplan.

Ver klar over at vi kan ikkje hjelpe deg med å utforme søknader og/eller prosjektere. Vi kan heller ikkje seie noko om utfallet av ein søknad før kommunen har fått inn ein søknad.

Dette kan du prøve sjølv før du kontaktar kommune:

Dersom du treng å kome i kontakt med byggesaksbehandlar:

Du kan sende e-post til post@bygland.kommune.no, eller ringe til 379 34 700 i kommunen si opningstid (måndag til fredag kl. 10:00 - 14:00)

Hugs å ha følgjande informasjon klart:

  • Namnet ditt (gjeld om du sender e-post)
  • Telefonnummer
  • Gards- og bruksnummer eller adresse til eigedomen det gjeld
  • Kort beskrivelse av saka

 

Førehandskonferanse

Dersom du treng hjelp før du startar ein byggesøknad, kan du bestille avtale for førehandskonferanse med kommunen. Les meir om førenhandskonferanse HER
Du kan bestille tid til førehandskonferanse ved å fylle ut dette skjemaet.