Byggegrense langs offentleg veg

Offentleg veg er riksveg, fylkesveg, kommunal veg og gang og sykkelveg 

Byggegrense mot offentleg veg skal ta i vare dei krava ein må ha til vegsystemet, til trafikken og til miljøet på eigedom som grenser inntil vegen. Føremålet med byggegrense er miljøomsyn og samfunnsomsyn. Byggegrense er avstanden mellom tiltak eller bygg og senterlinje offentleg veg.

Generell byggegrense mot offentleg veg går fram av veglova § 29

Byggegrense mot offentleg veg

Byggegrense mot offentleg veg
Vegtype Avstand til offentleg veg
Riksveg 9 50 m.
Fylkesvegar 15 m.
Kommunal veg 15 m.
Gang- og sykkelveg 15 m.

 

Særlege byggegrenser mot Fylkesveg i Bygland kommune. Vedtekne av Agder fylkesting.

Særlege byggegrenser mot Fylkesveg i Bygland kommune
Veg Stad Avstand til offentleg veg
FV 3780 Byglandsfjord - Senum 30 m.
Fv 3778 Senum - Storstraumen 30 m.
Fv 3800 Grendi - Hovstad 20 m.
Fv 3802 Rv9 - Sentrum Bygland 20 m.
Fv 3802 Knutsbakk - Jordalsbø 20 m.
Fv 3804 Vegskillet - Ose bru 30 m.
Fv 3806 Austadneset - Heistad 20 m.

 

I regulert omåde kan det vere andre byggegrenser

For område der det er ein reguleringsplan, vil ofte byggegrensa mot veg vise i plankartet eller gå fram av reguleringsføresegnene. 

I regulert område gjeld byggegrense fastsett i plan framfor den generelle byggegrensa i veglova.

Kva plan som gjeld for ditt område finn du i Bygland kommune sitt planregister arealplaner.no

 

Dispensasjon frå byggegrense mot offentleg veg:

Dersom ein ønsker å bygge nærmare offentleg veg enn byggegrense fastsett i veglova, av Agder Fylkesting eller i reguleringsplan, kan ein søke om dispensasjon frå byggegrensa.

 

Du kan nytte felles søknadsportal for å søke om dispensasjon frå byggegrense for alle vegtypar.

Dispensasjon fra byggegrenser | Statens vegvesen

 

Informasjon om handsaming av byggesaker langs riksveg

Retningslinjer for behandling av byggegrensesaker langs riksveg (vegvesen.no)