Slik gjer du det

Vi har lagt til rette for at lag og organisasjonar kan registrere seg på kommunen si side. 

Det du må gjere

Du må først lage deg ein brukar på sida. Då lagar du deg brukarnamn (e-postadresse) og eit passord. 
Tips: Bruk laget/organisasjonen sin e-post og lag eit anna passord enn eitt du bruker privat.

Deretter går du inn på “Ny organisasjon” og loggar på med den brukaren du har laga.

Då kjem du inn på registreringssidene. Der legg du informasjon i dei felta.

Vi håper at så mange som mogleg legg inn informasjon på sidene.