På grunn av krigen i Ukraina, har Bygland kommune vedteke å ta imot flyktningar. I løpet av 2022 og 2023 har kommunen busett nærare 50 vaksne og barn med kollektiv beskyttelse frå Ukraina.
Flyktningtenesta sitt ansvar
Flyktningtenesta har ansvar for
- busetting av flyktningar i tråd med kommunestyrets vedtak
- å fatte vedtak, samt sakshandsaming etter integreringslova
- informasjon, råd og rettleiing til flyktningar i etableringsfasen
- drift av introduksjonsprogram og oppfølging av deltakarane
- samarbeid med andre tenester og instansar
Busetting av flyktningar
Kommunen får kvart år anmodning frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) om busetting av flyktningar. Kommunestyret fattar dermed vedtak om busetting av flyktningar med utgangspunkt i IMDis anmodning.
Det er IMDi som har ansvar for å tildele bustadkommune til flyktningar som har fått opphaldsløyve i Norge. Kommunen får deretter beskjed om kva for personar som skal busettast i kommunen det aktuelle året.
Flyktningtenesta får ansvaret for å sørge for at personane får ein stad å bu, økonomisk støtte, deltek i introduksjonsprogram, rettleiing og praktisk hjelp som bidreg til at dei raskt finner seg til rette i kommunen.
Besøk imdi.no for meir informasjon om busetting
Introduksjonsprogram
Personar som har fått innvilga kollektiv beskyttelse har rett, men ikkje plikt, til å delta på kommunalt introduksjonsprogram etter integreringslova. Introduksjonsprogrammet er eit opplæringsprogram som skal forberede flyktningar til deltaking i norsk arbeids- og samfunnsliv. Introduksjonsprogrammet for personar med kollektiv beskyttelse skal minst bestå av arbeids- og utdanningsretta innhald og eit språktilbod. For personar med barn under 18 år, skal også kurs i foreldrerettleiing inngå i introduksjonsprogrammet. Dersom personen deltek i introduksjonsprogrammet, har personen rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging.
Flyktningtenesta samarbeider tett med Evje vaksenopplæring der elevane får undervisning i norsk og samfunnskunnskap.