Er du over skulepliktig alder og treng grunnskuleopplæring? Då har du rett til slik opplæring og kan søke om dette
Publisert 27.06.2023 10:51
Sist endra 02.10.2023 10:35
Opplæringa gjeld i dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. du har også rett på opplæring i grunnleggande kunnskap om du treng det. Det kan til dømes vere:
- lære å lese
- lære å reikne
- uttrykke seg skriftleg og munnleg
- bruke digitale verktøy
Opplæringa skal bli tilpassa ditt behov. Det gjeld både omfang, lengde og tidspunkt for undervisninga. Du som vaksen skal ikkje bli plassert i ordinære klassar saman med barn og unge.
Søknadsskjema finn du her