Trygt og godt barnehagemiljø

Alle tilsette i barnehage og skule i Bygland kommune har eit felles ansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande skule- og barnehagemiljø. Alle tilsette har også eit felles ansvar for å førebygge, avdekke, motverke og stoppe krenkande åtferd og mobbing.

Ta kontakt med barnehagen om barnet ditt ikkje har det bra i barnehagen. Barnehagen har plikt til å undersøke og sette inn tiltak om eit barn ikkje har det bra. Saman kan vi skape eit trygt og godt barnehagemiljø.

Bygland kommune har vedteke ein plan, Handlingsplan for eit trygt og godt skule- og barnehagemiljø, som skal sikre eit systematisk arbeid for å skape eit trygt og godt miljø for barn i skule og barnehage i Bygland kommune.

Handlingsplan for eit trygt og godt skule- og barnehagemiljø (PDF, 4 MB)

Lov om barnehagar, kapittel 8 - psykososialt barnehagemiljø