Redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO

Ordningane gjeld for familiar eller hushald som har låg inntekt.  Eit hushald skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein plass i barnehage eller SFO

Det er litt ulike reglar for ordningane, du kan lese meir om den enkelte ordninga i oversikta under.

Inntekt

Inntekta som blir lagt til grunn er hushaldet si samla person- og kapitalinntekt. Omgrepet "hushald" omfattar i tillegg til ektefeller og registrerte partnarar, også sambuarar. Med sambuar er meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om desse vilkåra er oppfylt skal altså inntekt til sambuar bli tatt med sjølv om vedkomande ikkje er forelder til barnet.

Du må legge ved sjølvmelding som dokumentasjon. Dersom det er endringar sidan siste sjølvmelding, eller eit beløp manglar, er du som søker pliktig til å opplyse og dokumentere dette når du søker. 

Slik søker du

Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandle søknad om reduksjon. I Bygland kommune skal du bruke desse skjemaene

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling barnehage og SFO, samt gratis kjernetid i barnehage
Gratis SFO for barn med særskilte behov
Skjemaet er elektronisk og du må logge deg på via ID-porten. Hjelp til å logge på.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mai kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt barnehage-/skuleår tek til i august. Etter søknadsfristen blir søknadane behandla fortløpande.

Klage

Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg, og du kan sende den til: Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland. Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke.