Bygland barnehage

Bygland barnehage ligg i Bygland sentrum, like ved Bygland skule og Byglandshallen.

Bygland barnehage har 2 avdelingar med til saman 23 barn. I tillegg har SFO base i barnehagen.  

Alle barn i Bygland barnehage skal få erfare å vere ein viktig del av fellesskapet. Vi legg til rette for gode relasjonar og venskap slik at barna skal ha ein trygg kvardag i samspel med andre. Leik vert prioritert, og dei gode felles opplevingane på tvers av alder, samarbeid med skulen og turar i nærområdet er viktige for oss.