Barn med særskilde behov

Barn med nedsett funksjonsevne vil bli prioritert ved opptak i barnehagane i Bygland.

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp om dei har behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter. Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen.

Dei som arbeider i barnehagane har ansvar for at alle barn, uansett funksjonsnivå, får oppleve at dei sjølv betyr noko for fellesskapet. Barnehagen må gje det enkelte barn støtte og utfordring ut frå eigne forutsetningar, og bidra til eit meiningsfylt fellesskap med andre barn og vaksne.

Barnehagen har eit særskild ansvar for å forebygge vanskar og å oppdage barn med særskilde behov. For desse barna kan det vere aktuelt å gje eit spesielt tilrettelagde tilbod. Tilrettelegging kan gjelde både sosiale, pedagogiske og/ eller fysiske forhold i barnehagen.

Foreldre kan sjølv tilvise til pedagogisk – psykologisk teneste (PPT) og be om å få ei sakkyndig vurdering, om barnet trenger hjelp, støtte og tilrettelegging.
Om barnet går i barnehagen, kan tilvising til PPT vere i samarbeid med barnehagen.

PPT

Vedtekter for barnehagane

Barnehagelova §31