Tiltakshavar/entreprenør skal søke om gravemelding/arbeidsvarsling når det skal bli utført arbeid som gjer det naudsynt å sperre - heilt eller delvis - til dømes veg, fortauareal eller offentlege plassar.
Ein krev arbeidsvarsling for alt arbeid som kan ha innverknad på trafikken på offentlege vegar og plassar.
Ein krev at dei som skal utføre eller vere ansvarlege for å varsle arbeid på offentleg veg, kan dokumentere naudsynte kvalifikasjonar. Det må bli utarbeidd varslingsplan.
Ved behov for graving i annan kommunal, statleg eller privat grunn, skal entreprenøren søke om løyve til den enkelte forvaltar eller grunneigar.