Drift og vedlikehald av kommunale vegar

Tilbakemeldingar om sommarvedlikehald på kommunale vegar kan bli gitt til sentralbordet på  telefonnummer  37 93 47 00 eller på e-post: post@bygland.kommune.no.

Eventuelle spørsmål utanom ordinær arbeidstid: ring til teknisk vakttelefon på nr. 970 04 745.

Drift og vedlikehald av vegane vil ofte vere avhengig av tilgjengelege budsjettmidlar, og det er ikkje alltid at alle ønskje kan bli følgde opp slik ein kunne ønskje. Uansett, så er vi takksame for tilbakemeldingar på eventuelle tiltak som burde bli gjort! Då får vi eit samla overblikk på tilstanden og prioriteringsrekkefølgje. Tiltak som vedkjem trafikksikkerheit vil ha første prioritet.