Avkøyrsel til offentleg veg

Med avkøyrsel meiner ein einkvar forbindelse mellom byggetomta og offentleg veg. Dette gjeld og der privat veg møter offentleg veg.

Kommunal veg

Søknad om avkøyrsel på kommunal veg blir behandla av kommunen.

Kva tid må du søke?

  • Etablering av ny veg
  • Flytting av eksisterande avkøyrsel
  • Når bruken av eksisterande avkøyrsel blir vesentleg endra, til dømes med fleire bygg

Om eigedommen blir omfatta av ein reguleringsplan som skildrar avkøyrslen i detalj, er det ikkje nødvendig å søke om løyve.

Slik søker du

Send ein kort beskrivelse og søknad til Bygland kommune på e-post: post@bygland.kommune.no'

Dokumentasjon til søknaden

  • Situasjonskart som viser avkøyrsle, eigedom (bygg) og kommunal veg.
    Målestokk 1:1000 eller 1:500
  • Grunngjeving for søknaden og andre opplysningar du meiner kan vere viktige
  • Beskrivelse av avkøyrsla

Behandling av søknadar

Det er ønskjeleg å avgrense talet på avkøyrsler, ikkje minst ut frå trafikksikkerheitsomsyn.

Utgangspunktet for behandling av søknadar er:

  • Hovudveg: Transportveg mellom område og bydelar. Avkøyrsel bør bli unngått
  • Samleveg: Forbindelsesveg innanfor område og bydelar, samt mellom tilkomstvegar og hovudveg. Avkøyrsler blir tillatt i eit avgrensa omfang.
  • Tilkomstveg: Bustadgater/vegar der det er lett å få avkøyringsløyve. I utgangspunktet skal det kun vere ei avkøyrsle per eigedom. Om der er moglegheit for felles avkøyrsle, er det ein fordel.

Riks- og fylkesveg

Søknad om avkøyrsel på riks- og fylkesvegar blir behandla av Statens vegvesen. Det er dei som har ansvar for desse vegane.

Søk om avkøyrsel

Vurdering av søknadar

Søknad om avkøyrsel blir vurdert med utgangspunkt i trafikksikkerheit og vegen sin funksjon (kva den skal brukast til). I regulerte område blir ein avkøyrselsøknad behandla som mindre vesentleg reguleringsendring. I uregulerte område blir avkøyrselsøknaden behandla etter Vegloven §40.

Statens vegvesen si Håndbok N100 inneheld reglar for vegar som bør vere avkøyrselfrie og vegar som kan ha avkøyrsler.