Temaplanar

Kva er ein temaplan?

Planane inneheld meir detaljert planlegging for eit fagområde eller eit eller fleire verksemdsområde, og følgjer opp og utdjupar overordna mål og satsingar i kommuneplanen. Den økonomiske prioriteringa blir tatt i budsjett og økonomiplanen. Ein temaplan er som oftast vedteken politisk. Temaplanar gjeld som regel for ein periode på fleire år, og mange av dei blir reviderte etter ei tid

Oppheva temaplanar i 2024

I tråd med vedtak av budsjett 2025 og Økonomi- og handlingsplan 2025-2027, 12. desember 2024 er følgjande temaplanar oppheva:

  • Strategisk informasjonsplan 2017
  • Digitaliseringsstrategi Setesdal 2019 - 2025
  • Bustadsosial handlingsplan 2011 - 2020
  • Plan for habilitering og rehabilitering 2019 - 2020
  • Interkommunal ruspolitisk handlingsplan 2020 - 2023
  • Klima- og energiplan 2011 - 2022

Vedtaket seier også at ny plan for kommunale vegar skal bli utarbeidd i 2026. - 

Temaplanar