Ny kommuneplan sin samfunnsdel 2024-2036

Revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplanen er kommunen sitt øvste styringsdokument. Den består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet heilskapleg og kommunen som organisasjon.
Ny kommuneplan sin samfunnsdel skal etter planen bli vedtatt i desember 2024.

Planprogram og kunnskapsgrunnlag

Planprogrammet seier korleis kommunen skal jobbe med å lage kommuneplanen sin samfunnsdel og skildrar organiseringa av arbeidet, tidsplan og opplegg for medverknad. Planprogrammet er slått saman med kommunen sin planstrategi for 2024-2028, og inneheld viktige utviklingstrekk og føringar for planarbeidet.

Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og planstrategi (PDF, 2 MB). Vedteke av kommunestyret 19. juni 2024.

Saksprotokoll: Vedtak av planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel og planstrategi. (PDF, 208 kB)

Kunnskapsgrunnlag inkl. folkehelseoversikt 2024 ligg til grunn for arbeidet med viktige utviklingstrekk for kommunen.

Samskaping politikk og administrasjon

06.03.2024 Politisk verkstad 

Tverrpolitiske diskusjonar av utviklingstrekk, lokalt utfordringsbilete og moglegheitsrom 

 

16.04.2024 Politisk verkstad

Tverrpolitiske diskusjonar om hovudsatsingar/visjonar og prioritering av mål:

 

I mellom dei to politiske verkstadane vart dei politiske partia bedt om å gi tilbakemelding på følgjande spørsmål:

  • Er det behov for revisjon av samfunnsdelen?
  • Kva for satsingsområde skal bli prioritert i perioden?

 

Innspel frå Senterpartiet (PDF, 121 kB)

Innspel frå Arbeidarpartiet (PDF, 52 kB)

Innspel frå Høgre (PDF, 79 kB)