Kva er oppgåvene til ein ordførar?
Ordføraren er kommunen sin øvste politiske leiar, og er kommunen sin rettslege representant. Ordføraren og varaordføraren blir valde av kommunestyret for fire år.
Bygland kommune har ordførar på heiltid.
Ordføraren sine viktigaste oppgåver er:
- Å vere møteleiar for formannskap og kommunestyre.
- Å representere kommunen ved ulike høve.
- Å vere bindeledd og formidlar av synspunkt mellom folkevalde og administrasjon.
- Å vere tilgjengeleg for kommunen sine innbyggarar og å følgje opp enkeltsaker i samband med det.
- Å vere drivkraft i kommunen sitt tiltaksarbeid.
Helsing frå ordførar
Kjære alle saman!
Eg blei valt til ordførar i Bygland kommune den 19.10.2023.
Saman med kommunestyret vil eg jobbe for eit godt samarbeid mellom politikarar, kommune, innbyggarar, næringsliv og dei frivillige. Gjennom samarbeid skapar vi framtidstru, vekst og eit godt samfunn. Vi skal arbeide saman for at kommunen vår også framover skal vere ein god kommune å vere i, for store og små, både for innbyggarar og besøkande.
Bygland kommune har mykje å tilby! Vi har Byglandsfjorden, ein rik og tilgjengeleg natur, eit rikt kulturliv og vi leverer gode kommunale tenester.
Eg er oppteken av å ha god kontakt med innbyggarar og andre som har tankar og idear som gjeld Bygland kommune.
Ta gjerne kontakt på telefon, e-post eller stikk innom kontoret for ein prat.
Med venleg helsing Runar Granheim